Lokal | 03. juli 2015

7 og 70 i odds

Kven blir ordførar i Os etter valet? Betsson traff på 80 prosent av kommunane i 2011 og meiner dei har svaret i 2015 òg.

7 og 70 i odds
Bruarøy får 7 i odds, Rykkel får 70. (Arkivfoto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juli 2015 10:10

Speleselskapet Betsson.com har sett opp odds på ordførarkandidatane i Os.

- Vi skal setja ordførarodds på samtlege kommunar i årets val, seier PR-manager Mikael Mellqvist fra Betsson.com.

– Eg håper vi får same treffprosent som i 2011, då hadde vi rett i 80 prosent av kommunane.

Held Søviknes som storfavoritt

Om du tippar at Søviknes, etter 16 år som ordførar, held fram i jobben, så blir du ikkje rik.

– Søviknes har styrt Os kommune sidan 1999 og det meste tyder på at dei får fleirtal også i år.

– Det har vore spørjeundersøkingar lokalt og Frp og Høgre set ut til å stå fjellstøtt. Vi har Søviknes som monsterfavoritt og det vil vera ei stor overrasking om Os får ein ny ordførar, seier Mellqvist.

Søviknes gjev 1,2 i odds mens samarbeidspartnar i Høgre Marie Lunde Bruarøy gir 7 i odds.

I opposisjon har Betsson mest tru på Steinum i Arbeiderpartiet og Enerhaug i KrF.

Om tverrpolitisk eller Senterpartiet får ordføraren kan du setja to nullar bak innsatsen din.

Ordførarodds for Os fra Betsson.com:
Terje Søviknes – Fremskrittspartiet: 1.20
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy – Høyre: 7.00
Helge Steinum – Arbeiderpartiet: 10.00
Jakob Enerhaug - Kristelig Folkeparti: 50.00
Jon Sivert Sundøy Rykkel – Venstre: 70.00
Siren Elise Tømmerbakke – Senterpartiet: 100.00
Terje Sperrevik - Tverrpolitisk Bygdeliste: 100.00
Oddne Bjørnør Horg - Sosialistisk Venstreparti: 200.00
Nils-Anders Nøttseter - Miljøpartiet De Grønne: 200.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.