Sentrum blir kameraovervaka
Politi og politikarar har fått nok, no skal hærverket stoppast med kamera.
Knuste skulpurar, øydelagte julelys, bål i bosspann på venterommet på bussterminalen og, seinast i helga, knekte tre og øydelagte blomar: Os sentrum har dei siste åra hatt problem med hærverk.
Både næringsdrivande og folk som bur i Os sentrum har kome med forslag og ønskje om kameraovervaking tidlegare, no har Os kommune bestemt seg for å prøva dette.
– Vi diskuterte kameraovervaking i førre møte i politirådet no i juni og på leiarmøte i rådhuset måndag bestemte vi oss for å gå inn for ein prøveperiode med kameraovervaking av delar av sentrum, seier ordførar Terje Søviknes.
Os kommune har frå før eit webkamera på rådhuset, men no skal det betre kamera, fleire kamera og truleg også betre lys til.
– Vi går no i gang med å skaffa nødvendige løyve, henta inn prisar og finna dei viktigaste områda å overvaka. Eg ser for meg at det blir rundt fem område som blir overvaka og at vi nokre plassar vi ha auka belysning kveld og natt.