Lokal | 13. apr. 2016

Seier nei til flykningebustadar ved skulen

Formannskapet var tydelege på at dei ikkje vil ha flyktningebustadar ved Søfteland skule, men aksepterer at gamle Søfteland barnehage blir bygd om til formålet.

Seier nei til flykningebustadar ved skulen
Politikarane i formannskapet var tydelege på at dei ikkje vil ha flyktningebustadar tett ved Søfteland skule (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. apr. 2016 15:43

Administrasjonen ba i formannskapet om politikarane si godkjenning på å nytte 10 millioner kroner på å byggje om dei fråflytta brakkene til Hjellemarka barnehage og gamle Søfteland barnehage i Eikhaugen til kommunale bustadar for å huse nokre av dei 45 flyktningane kommunen har forplikta seg til å ta i mot i 2016.

Dette var poltikarane lite lystne til å vera med på.

– Frp og H fremjar eit felles framlegg i tre punkt er vi ber administrasjonen vurdera Søfteland skule sine framtidige behov i eit fem- til tiårs perspektiv, ei alternativ plassering av modulbrakkene og tilslutt alternativet å nytta leigde bustadmoduler på andre eigna eigedommar, innleia Terje Søviknes (Frp) på vegne av posisjonspartia.

Skal brakkene stå eller flyttast?

Søviknes peika òg på dei lovnader som blei gitt då brakken blei satt opp som ei midlertidig løysing for å husa Hjellemarka barnehage som eit ledd i å sikra full barnehagedekning i kommunen.

– Eg har gjort meg nokre betraktningar, spesielt med skulen framover. Brakkene ligg på eit område som er egna for utviding for skulen. Dei ønskjer seg området og brakkene til SFO eller 1. klassebruk. Då må vi sjå om vi finn andre områder for å erstatta sykkelbanen/crossbanen, i og med at vi har gjeve eit løfte om å fiksa det, kommenterte Jon Sivert Rykkel (V).

– Eg trur det er fornuftig å la brakkene stå, men at vi tenkjer alternative plasseringer for flykningebustadar. Dei som kjem no bør vi finna permanente løysingar til. Der bør Os bygg og eigedom vera ein naturleg aktør. Brakker kan vera vel og bra, men det er betre å sikra permanente bustadar, poengterte Rykkel.

Ståle Skaatun (H) var tydeleg på at dei burde flyttast.

– Dette har skapt eit voldsomt engasjement. Eg bur sjølv på Søfteland og har kjent temperaturen. Vi har vedteke at vi skal ta i mot 45 flyktninger i året. Då må vi vera kreative og finne løysinger. Slik sett er det eit greitt forslag frå prosjektavdelinga, men løysinga med Hjellemarka barnehage er ikkje eigna. Det er eit flott skuleområde på Søfteland. Vi kan ikkje plassera bustadar midt oppe i det.

– Modulbrakker er nettopp det, fordi dei er lette å flytta på. Difor er vi positive til at dei kan nyttast andre plassar. Konklusjonen vår er at brakkene frå Hjellemarka barnehage ikkje kan nyttast der den ligg i dag.

Viktig med ryddig prosess

Skaatun var meir positiv til å nytta gamle Søfteland barnehage, men peika på at det var viktig med ein god prosess.

– På tomta til Søfteland barnehage trur eg vi kan klare å få til eit godt prosjekt med å byggje om, men det er eit par ting som er viktig. For ein sju/åtte år sidan fekk vi ein tilsvarande case då Staten kjøpte og oppretta ein barneverninstitusjon på Søfteland utan å vera i dialog med naboane.

– Vi er nøydde til å køyre dei rette prosessane. Vi må informera alle som bur i området om kva vi tenkjer og gjera det ordentlig. Det som er viktig er at vi har, og gir, god informasjon der vi skal inn, at vi følgjer regelverket og at vi lager ein klar strategi på korleis vi skal oppretta bustadane framover, påpeika Skaatun.

Kan dei splittast?

Helge Steinum (Ap) svarte Skaatun på at ein ikkje trengde bu på Søfteland for å ha kjent på temperaturen i saka.

– Vi bør halde ord. Når vi har sagt at vi skulle flytte brakkene etter at barnehagen flytta ut og sette området i stand, så bør vi halde det.

– Men, når vi først skal flytte brakkene så er det kanskje ikkje det luraste å flytta dei samla, som ein stor getto. Vi bør kanskje splitta dei opp i mindre einingar for betre bumiljø, foreslo Steinum som fekk støtte frå Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Intuitivt høyres det meir fornuftig ut å få til ein spreidd busetting. Det trur eg òg nabolaga lettare ville kunne handtere, og vi vil kunne få til ein betre integrering, kommenterte Nøttseter.

Det mest økonomiske

Rådmann Christian Fotland følte eit behov for å klargjera administrasjonen sitt standpunkt for politikarane.

– Kapasiteten på Søfteland skule vil truleg vera tilstrekkeleg i 10-15 år før vi når nivået på 280 elevar som skulen er godkjent for.

– Når det gjeld økonomien i dette, så er det nettopp den som ligg til grunn. Dette er ein veldig gunstig økonomisk løysing. Frå administrasjonen si side, så er dette ei mellomløysing i høve busettinga. Dei skal ikkje bu der i 20 år, kanskje eitt til fem og vi vil få ei rullering av kven som bur der etterkvart som folk flyttar i eigne bustadar. Tal frå andre plasser syner at det er heilt realistisk at 70% av flyktningane får eigen bustad og dekkjer kostnadane ved denne sjølv i løpet av nokre år.

– Jo dyrare løysinger vi vel, jo meir av integreringstilskotet må vi nytta på bustad og jo mindre er att til integreringsarbeidet og det som verkeleg betyr noko, påpeika rådmannen.

Endeleg avgjer kjem i kommunestyret 26. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.