– Sei ifrå til naboen
Torsdag morgon var det innbrot og biltjuveri i Finnebrekka. - Med påska rett rundt hjørnet oppmodar eg osingane til å aktivera nabohjelpa, seier Terje Sperrevik.
Ein huseigar i Finnebrekka vakna torsdag morgon av at nokon var inne i huset. Huseigar sprang etter innbrotstjuven, noko som førte til pågriping.
- Vi greip to personar i samband med hendinga.
- Bilen som blei stolen blei funnen att på parkeringa ved Vartun, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Uavklart
Dei to gripen nekta for å ha noko med saka å gjera og blei dimitert torsdag ettermiddag etter avhøyra.
- Vi har beslaglagt nokre mindre gjenstandar, mellomanna ein raud sekk med noko som lignar på god jul-skrift på, og nokre andre mindre ting.
- Om det er nokon i Finnebrekka/Gamle Finnebrekka eller andre områder som saknar dette eller ber vi dei melde frå.
- Kva som har skjedd og kor dei har vore er framleis noko uavklart, så vi ber om at folk som har ytterlegare opplysningar om å kontakta oss, oppfordrar Sperrevik.
Pass på kvarandre!
Sperrevik minner om at vi befinn oss i 2013 og at ein bør låsa bilar og dørar når ein er ute av huset eller ligg og søv.
- Med påska for døra er det òg på sin plass å oppmoda folk til å passa på kvarandre.
- Skal du vekk, så be naboen halde eit ekstra auge med huset ditt, men du må òg hugsa å ta inn ting og låsa dørene før du reiser.
- Slik nabohjelp har dei hatt stor suksess med på Laksevåg, kor Røde Kors og andre frivillige har gått streifvakter i området under mottoet kriminalfri påske.
- Ha augene med deg når du er ute og går og si i frå om du ser noko uvanleg, avsluttar Sperrevik.