Lokal | 21. mars 2013
Innbrotstjuv stakk frå staden
... men huseigar sprang etter.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2013 09:25
Torsdag morgon, i 5-6-tida, fekk politiet melding om innbrot i ein bustad i Finnebrekka nær Os sentrum.
– Dei som bur i huset hadde vakna av at det var folk inne, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Innbrotstjuven stakk frå staden, men huseigar følgte etter.
– Ein mann er pågripen mistenkt for innbrotet. Det kan sjå ut som om det også er gjort innbrot i bilen til huseigar, seier Sperrevik, som førebels ikkje kan koma med fleire detaljar i saka.
Politiet seier andre huseigarar i Finnebrekka gjerne kan sjekka garasjane og bodane sine, og sjå om det har vore fleire tjuveri i nabolaget i natt.