Sår tvil om bru
Ferjefri E-39: Ny rapport sår tvil om bru over Bjørnafjorden. Metodikken for å skildra regionale effektar har aldri vore brukt nokon annan stad i verda.
På oppdrag frå ei rekkje bedrifter i Hardangerregionen har Analyse og Strategi, eit dotterselskap til Multiconsult som har levert delar av rapportane for Statens vegvesen, gått rapportane på val av trasé over Bjørnafjorden nærmare etter i saumane.
– Her er forklaringa på korleis Statens vegvesen kunne skifta oppfatning på så tynt grunnlag som dei gjorde, seier Arnfinn Frøsund, talsmann for næringslivet i Indre Hardanger, SMB Odda til BA.no.
Ikkje nytta andre stadar
I rapporten kjem det mellom anna fram at metodikken som er brukt for å skildra dei regionale effektane i vegvesenet sine rapportar aldri har vore nytta nokon annan stad i verda.
Analyseselskapet har fire hovudfunn i dei tre rapportane (konseptvalutgreiinga, kvalitetssikringa og tilleggsutgreiinga) som ligg føre for Hordfast.
- Mangelfull samanstilling av prissette og ikkje-prissette konsekvensar i alle tre rapportane, og mangelfulle samfunnsøkonomiske analysar i dei to første rapportane.
- Berekningsmedtodikken er spesiell. «Denne metodikken, og andre metodikker benyttet i fergefri E39-prosjektet kan alle kritiseres for forutsetningene. SNFs metodikk brukes ikke av noen offentlige instanser, verken i Norge eller utlandet», står det i rapporten ifølgje BA.
- Bruken av "pendlermasse" kan gje eit feilaktig bilde, då reisetid mellom Os og Leirvik er brukt for å definera pendlerområdet, og at ein ikkje får fram positiv effekt for andre område.
- Når midtre lei blei anbefalt, blei det vist til resultata frå ein sensitivitetsanalyse der ulik trafikkvekst speler ei stor rolle. I hovudrapporten er det lagt til grunn at trafikkveksten er den same for både indre og midtre trasé.
Rapporten vil bli overlevert fylkesordfører Tom-Christer Olsen (H) og samferdselsdepartementet tysdag.
Les òg: Trasé ikkje valt