Såg du då dette skjedde?
Politiet etterlyser vitne etter trafikkuhell på Halhjemsvegen natt til søndag 26. mai.
I 3-tida natt til søndag 26. mai fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Halhjemsvegen.
Då politiet kom fram var bilen, som hadde kjørt i autovernet, vekke. Det var også førar og passasjerar.
– Det er vanskeleg å forstå korleis dei klarte å flytta ein så skadd bil så fort, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
To personar blei tatt av politiet same natt, mistenkt for å vera førar og passasjer. Førar har ikkje lappen og er mistenkt for kjøring i rusa tilstand.
– No er vi interessert i tips frå publikum, om det var nokon som var vitne til ulykka eller det som skjedde med og rundt bilen minuttane etter ulykka, seier Sperrevik.
Os lensmannskontor har telefon 56 30 39 00.