Brann og beredskap | 29. juni 2024

Rykte ut på melding om båt som hadde gått rundt

– Det viste seg at båten var fortøydd.

Rykte ut på melding om båt som hadde gått rundt
Båten låg opp-ned med motorstamma opp i lufta. (Foto: Bjørnafjorden brann og redning)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. juni 2024 15:42

Klokka 14.50 i dag rykte Bjørnafjorden brann og redning ut til Vargavågen.

– Vi fekk melding om ein båt som gjekk ned. Det var observert på avstand. Vi rykte ut både direkte til Vargavågen med bil og med Unik-båten frå Halhjem, foprtel varabrannsjef Erik Walden.

Også KV Sortland, som låg i nærleiken, sette baugen mot Vargavågen, i tilfelle det var behov for assistanse.

(Foto: Bjørnafjorden brann og redning)
(Foto: Bjørnafjorden brann og redning)

På staden viste det seg at båten, som er 16-17 fot, var fortøydd til land både framme og bak.

Den låg opp-ned med motorstamma i lufta.

Det var ikkje mistanke om folk i sjøen, og brannvesenet gjorde retrett.

– Eg veit ikkje kor lenge den har lagt sånn, men den har kanskje gått rundt i går, då det regna mykje, seier Walden.

OPPDATERT: Eigar har meldt seg. Han fortel at båten har velta ein av dei to siste dagane. Han jobbar no med å snu den igjen.

– Det er fint at folk melder ifrå, og bra at det ikkje var fare for helse denne gong, seier varabrannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.