– Eg vil også ha bensintankane mine igjen!
Ein båteigar er utsett for same tjuveri som ungdomar nyleg blei tatt for på Halhjem.
Søndag blei det oppdaga tjuveri av ein bensintank på Halhjem.
Vitne hadde sett nokre ungdomar dumpa tanken i Hauglandssjøen, truleg etter å ha tappa av bensinen, og fornærma ba tjuvane i den noko karakteristiske båten ta kontakt.
I går skulle Quang van Dang på fisketur, men då var begge bensintankane vekke.
– Hengelåsen var knekt opp og benken slengt vekk. Eg hadde to bensintankar fulle med bensin, men begge er stolne, fortel han.
Båten, som ligg i Vargavågen, har ikkje vore brukt på to-tre veker, så det er uvisst kor tid tjuveriet har skjedd.
– Om syndarane tar kontakt med meg før helga, i dag eller i morgon, og gjer opp for seg, så blir ikkje forholdet meldt.
Van Dang sitt mobilnummer er 948 52 991.
– Eg kjenner til at dei som stal på Halhjem har innrømt saka og eg veit at same båt er observert i Vargavågen fleire gongar. Eg veit ikkje om det er dei same som står bak, men sjansen er nok stor for at dei hamnar i søkjelyset om politiet blir kopla inn. Uansett ber eg syndarane ta kontakt og gjera opp for seg, seier van Dang.