Ruteknusar kom tilbake
Fredag fekk han pålegg om å halda seg vekke, likevel blei det fleire episodar med ruteknusing og bråk på Vartun laurdag og søndag.
Fredag kveld rykte politiet i Os fleire gongar ut til bråk ved bufellesskapen Vartun ved Byvegen.
Ein mann i slutten av 20-åra, som ikkje har husvære på Vartun, blei vist vekk frå staden med pålegg om å halda seg unna i 24 timar.
Han blir også meldt for ruteknusing.
Kom tilbake fleire gongar
I løpet av helga, midt på dagen laurdag og på ettermiddagen søndag, kom vedkomande tilbake.
– Det blei knust fleire ruter og mannen blei vist vekk på ny, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
– Blei nokon skadd?
– Ikkje det eg kjenner til. Mannen skal ha vore på jakt etter noko han meiner er sitt, men om det verkeleg er hans ting veit vi ikkje.
Mistenkte, som er ein mann frå Haugesund-området, er no meldt for fleire forhold.