Krangel, ruteknusing og innbrot
Politiet fekk fleire meldingar om krangling og måtte til slutt visa ein mann vekk frå staden.
Fredag og natt til laurdag har vore roleg for politiet i Os.
Ein mann på besøk i Os, på veg heim frå fest, gjekk seg vill og banka på feil hus. Han fekk hjelp av politiet til å koma seg til rett adresse.
– Men vi hadde ein del bråk på og ved eit bufellesskap fredag kveld. Vi fekk fleire meldingar frå ulike personar, det var også fleire personar involvert, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Seint på kvelden blei ein mann som ikkje hadde tilhald ved det aktuelle oppfølgingssenteret, Vartun ved Byvegen, vist vekk.
– Han fekk pålegg om å halda seg vekke dei neste 24 timane og blir nok i etterkant meldt av Os kommune.
Innbrot i naust
I natt fekk politiet melding om innbrot i Kuvågen.
– Nokon har gjort innbrot i eit naust i Kuvågen.
– Ein TV og nokre knivar er blant det som er sakna, fortel Rastad.