Rusa mann og rampete ungdom
Ungdom fekk kjeft etter brann i bosspann i Os sentrum. Natt til laurdag fekk politiet melding om ein ungdomsgjeng som oppførte seg merkeleg på Moberg.
Etter varetektsfengsling av ein mann som er mistenkt for utukt mot ein mindreårig og kollisjon og dirigering etter trafikkulykke på Byvegen i 16-tida, hadde politiet i Os fleire mindre oppdrag utover fredagskvelden og natt til laurdag.
I 19.30-tida fekk politiet melding om ulovleg bruk av fyrerkeri på Halhjem.
– Det har vore eit gjentakande problem. Patruljen rykte ut, men fann ingen mistenkte, seier politibetjent Tom Johannessen.
Tente på bosspann - fekk kjeft
Klokka 21.15 kom melding om brann i bosspann i Os sentrum. Politi og brannvesen rykte ut.
– Vi møtte ein ungdomsgjeng i sentrum som vi mistenker å ha tent på bosspannet. Vi hadde ein alvorsprat med dei etter at brannvesenet hadde sløkt i bosspannet.
Promillekontroll og rusa mann i sentrum
I 23.30-tida kontrollerte politiet promille og dokument i Søvikvegen. Dei fann ingen syndarar.
Klokka 02.15 kom melding om ein sterkt rusa mann utanfor Irish Cat, som var til stor sjenanse for gjestar og andre.
– Han var vekke då patruljen frå Fana kom til staden.
Rykte ut til Moberg
Ein time seinare fekk politiet melding om fire gutar som oppførte seg merkeleg på Moberg.
– Dei var i området ved Kiwi-butikken, gjekk og snoka og dreiv å stoppa bilar. Dei skal ha oppført seg merkeleg, men dei blei ikkje funnen av patruljen frå Fana, seier Johannessen.