Lokal | 04. jan. 2013

To bilar knust på Byvegen

Det er kø og dirigering mellom Prestegardsskogen og Idrettsvegen etter kollisjon fredag ettermiddag.

To bilar knust på Byvegen
(Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. jan. 2013 16:23

Fredag i 15.50-tida kom meldinga om kollisjon på Byvegen.

To bilar står skadd i vegen mellom AMFI Os og Rema 1000 og trafikken blir dirigert forbi i det eine opne kjørefeltet.

– Éin person blir tatt hand om av ambulansepersonell, men eg trur det er snakk om lettare skade, opplyser politiet på staden.

Det er ein BMW og ein Citroen varebil som har braka saman i noko som ser ut til å vera ein frontkollisjon.

OPPDATERT: Ingen skal ha blitt blitt "betydeleg skadd" i ulykka. Det er heller ikkje mistanke om promille hos nokon av førarane.

Samanstøyten skal ha skjedd då ein av bilane skulle svinga av hovudvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.