Respons som varmar
– Kjem det like mykje folk som sist må vi vurdera å ta neste moteshow i Oseana, seier Tove Tvedt Skarstein om kveldens motevising.
Butikkar i Os Sentrumsforening har samarbeidd om moteshow før, både på marknadsdagane og på vårsleppet, men i vår var første gong dei kjørte show i Kløvertun i eigen regi.
– Det var stinn brakke sist gong, det var verkeleg ein respons som varma, seier Tove Tvedt Skarstein frå S. Tvedt AS.
– No er vi endå fleire butikkar og andre medlemmer som er representerte, så folk bør vera tidleg ute om dei vil sikra seg eit sete i salen, åtvarar ho.
– Har de vurdert å utvida til anna lokale?
– Kløvertun er sentralt og veldig god eigna, men hadde vi hatt litt betre tid på oss til førebuingar så hadde vi kanskje sett om vi kunne tatt dette i Oseana.
Nattope etter showet
Nytt i haust er at bedriftene som deltar på moteshowet går direkte frå Kløvertun tilbake til butikkane sine og held ope ein time-to utover kvelden.
– Det blir ein lang dag, rett frå butikken for å gjera klart, så show, så nattope til rundt klokka 22. Men det er veldig gøy med denne typen samarbeid!
Tove fortel om liknande arrangement i Rosendal om sommaren, der dei i tillegg har lagd litt fest av det, og hatt alkoholservering i butikkane.
– Det var om sommaren, med mykje båtturistar i gatene, og det var veldig god stemning. Vi har å strekka oss etter, ler Tove.
Mat, litteratur og mote
I tillegg til motebutikkar i sentrum er både gullsmed, interiørbutikk, frisør og kosmetikk representert.
– Vi vil visa mest mogleg av det Osøyro har å by på, å gjera seg klar for julebord handlar om meir enn klede.
Engeline Kafé Mat & Vinhus serverer smaksprøvar og forfattar Jan-Ove Hansen les frå den nye boka si, på vegne av Osøyro Libris.