Lokal | 26. aug. 2015

Praksis, nynorsk, lekser - og kroppsdelar

#ValiOs15: Kvikke og kunnskapsrike ungdomspolitikarar svarte på engasjerande, men ikkje så lokale, spørsmål frå vgs-elevane.

Praksis, nynorsk, lekser - og kroppsdelar
FPU-representant Christoffer Thomsen var tydeleg på kva parti som hade kva type ballar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2015 09:14

Bildeserie:

VGS-elevane hadde debatten der det allereie var rigga, på gymnaset. (Foto: KVB)
VGS-elevane hadde debatten der det allereie var rigga, på gymnaset. (Foto: KVB)
Hans Christian Espelund og Maria Lind Olsen styrte debatten. (Foto: KVB)
Hans Christian Espelund og Maria Lind Olsen styrte debatten. (Foto: KVB)
Phillip Charles, Geir Indrefjord og Peder Østring. (Foto: KVB)
Phillip Charles, Geir Indrefjord og Peder Østring. (Foto: KVB)
Østring, Rykkel, David P. Aasgard og Matias Birkeland. (Foto: KVB)
Østring, Rykkel, David P. Aasgard og Matias Birkeland. (Foto: KVB)
Thomsen, Oddne B. Horg og Ida Johannessen. (Foto: KVB)
Thomsen, Oddne B. Horg og Ida Johannessen. (Foto: KVB)
Elevane lytta og lo på dei rette plassane. (Foto: KVB)
Elevane lytta og lo på dei rette plassane. (Foto: KVB)
1 av 6

Måndag var det paneldebatt for både for gymnas- og vgs-elevane i Os.

– Klassane har gjeve oss spørsmåla og så har vi samla dei saman og sortert dei, seier elevane Hans Christian Espelund og Maria Lind Olsen, som stilte spørsmåla og styrte debatten.

Les òg: Gjekk i strupen på kvarandre (frå debatten for gymnaselevane)

Desse stilte til debatt:
Phillip Charles, Unge Høyre
Geir Indrefjord, Sentrungdommen
Peder Østring, Rød Ungdom
Jon Sivert Rykkel, Unge Venstre
David Pletten Aasgard, KrFU
Matias Birkeland, AUF
Christoffer Thomsen, FPU
Oddne Bjørnør Horg, SU
Ida Johannessen, Grøn Ungdom

Rikspolitikk og sarkasme

For Os vidaregåande skule sine elevar var det full fyr i debatten frå første strofe. Saman med innleiing og sluttappel rakk elevane spørja 3-4 spørsmål på 90 minutt.

Det blei meir rikspolitikk enn kva ein skulle tru før eit kommune- og fylkestingval, men det passa nok dei fleste ni politikarar bra. Berre Rykkel og Horg er frå Os.

Det skulle ikkje meir til enn eit spørsmål om standpunkt om bru over Bjørnafjorden før fleire var på tynn is. Her var ikkje berre Rykkel på heimebane, dette var ein av få gongar han var tilsvarande sarkastisk som enkelte av dei andre.

Då Unge Høyre sin representant innrømte at han var litt usikker på kor moderpartiet sto i saka kom det tørt frå Jon Sivert: «Det er ikkje rart du er forvirra, dei fleste andre lurer også på kor Høyre står i saka», meiner han.

Elles var det Phillip Charles frå Unge Høyre og Christoffer Thomsen frå FPU som fyrte av flest salvar mot andre, men Matias Birkeland frå AUF kom med omtrent like mange spydige kommentarar, om ikkje like høglytt, tilbake.

Kor mykje desse partia skåra eller tapte på å hersa med andre er uvisst, men elevane lytta og lo på dei rette plassane, og noko humor må gjerne til for å få så mange ungdomar til å henga med i 1,5 time.

For ungdom i Os

Politikarane fekk kvar sine minutt til innleiing. Politikarane kjente publikummet sitt og starta uoppfordra med å snakka om utdanning.

Unge Høyre: Gjekk til åtak på Ap frå start, sa at det ikkje var hjelp i deira lovfesta rett til lærlingplass og hevda at Ap ikkje brukte éi krone på tiltak mens dei sat i regjering. Viste til Høyre-/Frp-regjeringa sitt auka tilskot og sa at «å tru at du blir ein arbeider av å stemma Arbeiderpartiet er som å tru at du ved å stå i ein garasje blir ein bil».

SenterU: Sa at dei er størst blant dei unge, og forstår kvifor: Ungdomen er lei av kjekling mellom Høyre og Ap. Sp vil ha eit godt utstyrsstipend og styrka grunnstipendet, noko han hevda dem sitjande regjering har svekka. Sp vil òg jobba for ein lovfesta rett til å ha vidaregåande skule i nærleiken, med maks reisetid på 40 minutt.

Rød Ungdom: Vil redusera forskjellar og mengda ungdom som droppar ut av skule ved å fjerna lekser og redusera mengda prøver og eksamen. Du blir ikkje betre av å bli testa ofte, meiner han.

Unge Venstre: Etter 16 år med Frp og Høyre i førarsetet i Os er det, ifølgje Rykkel, framleis ikkje bygd ungdomsbustadar i Os. Venstre vil ha fleire ungdomar inn på bustadmarknaden, i dag er det billigaste du finn i Os på Finn.no eit husvære på 36 kvm for 1,8 millionar kroner. Venstre vil at Os Bygg og Eigedom skal bygga ungdomsbustadar både for leige og eige. Venstre vil også satsa på gründarfond for å skapa fleire lokale arbeidsplassar. Ifølgje Venstre har mengda arbeidsplassar i Os stått i ro sidan 2007, mens folketalet har auka kraftig.

KrFU: Gjekk ikkje berre riks, men utanriks, og opna med å snakka om Syria, flyktningar og solidaritet. Var også innom skule og fråfall i vidaregåande skule. I dag droppar 1 av 4 ut, det vil KrF redusera.

AUF: Sa at han, til liks med Høyre, ville snakka om Ap sin politikk. Ap vil utjamna forskjellar mellom menn og kvinner, i dag tener kvinner 85 kroner der menn tener ein 100-lapp. Snakka ikkje berre om Ap sin politikk, men fnyste av Frp sin klimapolitikk.

FPU: Gjekk rett til åtak på sidemannen: Ap skal styra oss med avgifter og forbod, dei behandlar oss som ungar. «Når du blir forbikjørt av ein traktor er det på tide å få opp farten på mopeden. Vil vil ha avgiftsnivået NED, farten på mopeden OPP og kriminelle innvandrarar UT» sa Thomsen, og fortalte at Frp/H har fått over 7000 kriminelle innvandrarar ut av lanet sidan dei kom til makta. Var også tydeleg på ønske om meir praksis og mindre diktanalyse for dei som går yrkesfag.

SV/SU: Fortalte om mangel på læreplassar og elevar som hadde over 5 i snitt, men ikkje fekk bli lærling. Yrkesfag er viktig, ikkje minst innan helsefag, vi må vera mange nok når eldrebølga kjem.

Grøn Ungdom: Ville setja ting i eit anna perspektiv og snakka om «det gode liv», om korleis å prioritera meir fritid framfor mykje forbruk. Jobb mindre, lev meir, det er viktigare å ha det bra enn å ha og ha og ha.

Nynorsk og sidemål

Så kom første spørsmål frå elevane. Dei ville ha kvart parti sitt syn på nynorsk, og om vi skal ha obligatorisk sidemål.

FPU fekk ordet først, dei meiner elevane skal få tilbod om begge målformer, men sjanse til å velga vekk sidemål. Høyre er einig, tilby begge, men mogleg å velja vekk eitt. Høyre peika også på at det truleg var for svak undervising i sidemål ved fleire skular.

Rødt: Du blir smart av å læra fleire språk, også andre målformer. Vi vil heller styrka enn å stryka faget.

Også arbeidsgjevaravgift og religionsundervising blei diskutert.

Leksefri skule?

Høyre vil ikkje fjerna leksene, men styrka lærarstanden. Meiner dei raudgrøne har brukt pengar på ròten frukt i staden for auka pedagogisk kompetanse.

SU: Leksefri skule vil utjamna forskjellar i samfunnet. Ikkje alle foreldre har tid til, eller kunnskap eller språk, til å hjelpa elevane godt nok med leksene.

Rødt: For å få inn fleire og betre lærarar må vi opp i løn. Meir læring i skulen vil gje mindre lekser, men det er viktig for Rødt å ikkje forlenga skuledagen.

SenterU: Lurer på om dei som går for heildagsskule ikkje hugsar korleis det var å vera elev, du blir trøytt av ein dag i skulen. Senterpartiet vil innføra gym kvar dag og meir praktiske fag i skulen. Dette kan også fungera som gode avbrekk frå teorien.

KrF: Seier tydeleg nei til heildagsskule, meiner lange dagar vil gje mindre motivasjon, og «synest det er søtt av SU» å seia at lærarane skal vera i 6 timar på skulen mens elevane skal vera der i 8 timar.

Venstre: Rykkel jobbar sjølv i skulen og sa kort at det rett og slett ikkje er mogleg å koma gjennom pensum utan lekser, og at han ikkje trur heildagsskule er løysinga.

Høyre: Vil heller prioritera vidareutdanning av lærarar.

AUF: Meiner H + FRP lover og lyg, blant anna skulle dei fjerna sidemål. Høyre fekk replikk , reiste seg og gjekk bort til FPU-representanten og forklarte at så lenge det berre var desse to som var einige så blei det ikkje fleiretal i Stortinget.

Tydeleg skilje på gratis mat

På spørsmål om gratis mat i skulen var det også eit tydeleg skilje mellom høgre- og venstresida.

FRU hausta latter då han fleipa med eigne former og sa at han åt opp lunsjen sin då han gjekk på skulen, men at akkurat dette med mat måtte folk klara sjølv. Rykkel supplerte med at det måtte vera grenser for detaljstyring av liva til folk. KrF var ikkje så bombastisk, og meinte det kunne vera tilbod om mat, men ikkje gratis til alle.

Rødt, SU, SpU og Grøn Ungdom argumenterte godt i motsett retning, SpU viste blant anna til vellykka forsøk i Bergen og Fusa. AUF meinte Høyre var meir opptatt av å røyka grønt enn å eta grønt.

Kven vil ha søndagsopne butikkar?

Søndagsopne butikkar kan ikkje berre gje elevane sjanse å handla på fridagen, det kan gje grunnlag for fleire deltidsstillingar så studentar kan spe på ei slunken lommebok. Kva parti vil ha søndagsope?

KrF seier nei, og viser til at det då er 200.000 som må ut i jobb på søndagen, og at prisane vil auka når den same maten skal handlast over 7 i staden for 6 dagar.

SU og AUF seier også nei, Ap viste til spørjeundersøking der 2 av 3 seier nei, at butikksjefane seier nei og at dei ikkje forstår kvifor Høyre og Frp vil tvinga gjennom noko som «ingen vil ha».

FPU parerte denne godt med å fortelja at dei same butikksjefane som seier nei representerer kjedeeigarar som samtidig eig kioskar som tener fett om søndagen. Høyre minna også om at Ap på 80-talet sa nei til laurdagsopne butikkar.

SpU kritiserte dei andre partia for å vera for opptatt av ideologi framfor fakta, og viste ved fleire høve til «ekspertane seier». SpU vil halda på dagens ordning og fri om søndagen, blant anna fordi dei meiner søndagsope vil føra til større, men færre butikkar, altså meir sentrailsering.

Rødt vil ikkje ha fridom til å handla, men fridom til å ha fri, til å gå på fotballkamp eller ha LAN-party, og seier nei til søndagsopne butikkar. Grøn Ungdom synest også søndagsopne butikkar er ein dårleg idé, både fordi dei vil ha konsumet ned og fordi dei meiner at også studentar bør ha fri i helgene.

Lokalkunnskap og testiklar

I sluttappellane blei det mykje snakk om fargar og kroppsdelar. Høyre minna om at himmelen er blå og helvete raudt, Rødt snakka om at blindtarmen var til høgre og hjartet på venstre side mens FPU-representanten avslutta like uhøvla som han opna:

Etter å ha ramsa opp tal som beviser Frp si handlekraft slo han fast at Frp har ballar, Høyre ikkje har ballar, SV vil dela ballane, Ap meiner ballar er kjønnsdiskriminerande, Sp har høyballar og KrF nektar for at ballar eksisterer.

AUF ville arrestera Høyre og Frp på fulkesnivå og meinte at dei etter 12 år med makt hadde skapt eit Hordaland som er versting når det kjem til kapasitet til å ta imot læringar.

Mot slutten viste Rykkel igjen at det er eit fortrinn med lokalkunnskap i ein lokal debatt, og viste til at Venstre saman med KrF var einaste som stemte imot auka avgifter på vatn og avlaup, om korleis dei vil redusera arbeidsgjevarafgifta for å styrka næringslivet og om korleis dei vil legga betre til rette for gründarar i Os.

Kven som trefte ungdomen best får vi eit svar på når det skal gjennomførast skuleval.

Resultat frå skulevala i 2011

I 2011 var Frp størstpå Os vgs, med 43,9 prosent (nedgang frå 59,1 i 2007).

Også på Os Gymnas var Frp størst, men der med 27,1 prosent av stemmene.

Sjå resultat frå skulevalet ved Os vgs i 2011 og Os Gymnas i 2011.






Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.