Gjekk i strupen på kvarandre
Skuledebatt på Os Gymnas. FpU, AUF og unge Høgre gjekk heller i strupen på kvarandre enn å snakka om kva dei ville gjera for ungdommen.
Måndag morgon stilte ni ungdomsparti til debatt for å fortelja elevane ved Os gymnas kvifor dei fortente deira stemme i valet.
– Det er snart skuleval, og for dei av oss som går i tredje klasse skal vi røysta for første gang ved valet 13. september. Då er dette ein fin måte å få vita litt meir om kva dei forskjellige partia står for, innleia ordstyrar Kristi Pedersen før ho slapp kvar av debattantane til med innleiingsforedraga sine.
Brukte politikarskule-triksa
Medan Grøn ungdom, Sosialistisk ungdom, KrfU, Unge Venstre, Rød ungdom og Senterungdommen freista å få fram deira hovudsaker gjekk dei tre siste, FpU, AUF og Unge Høgre heller rett i strupen på kvarandra.
– Ap har alltid nedprioritert dei eldre, smalt det mellomanna frå Christoffer i FpU, som sjølv gjorde eit poeng at dei no skulle bygga Noregs mest moderne sjukeheim på Luranetunet.
– Det er vanskeleg å komma med så mange løgnar i opningsinnlegget sitt, svara Magnus i AUF, før han gjekk til motangrep ved å trekka fram regjeringspartia si handtering av Syriaflyktningane.
Sjølv om dei tre ungdomspolitikarane freista å nytte alle triksa dei hadde lært på politikerskulen klart dei likevel aldri å skapa skikkeleg temperatur og stemning i salen. TIl det var forsøka på å vera vittige og hardslåande for spede og banale.
– Grisen blir ikkje feitare
Elevane ved gymnaset syntes å vera meir opptekne av å faktisk høyra på kva politikarane meinte om dei to hovudemna, skule og samferdsel, enn å vera tilskodarar på politikarsirkuset.
Peder frå Rød Ungdom tok til ordet for ei leksefri skule.
– Det fungerar dårleg med lekser, spesielt for dei svakare elevane. Vi vil ha mappevurdering i staden for eksamen.
Dette fekk Joachim frå Unge Høgre til å reagera.
– Unge Høgre har testa dette med ei skule i England. Du kjem ikkje inn på skuler utanlands uten å ha karakterer. Difor må vi testast og ha eksamen, argumenterte han.
– Grisen blir ikkje feitare av at du veiar den ofte. De kan heller ta dei testane de treng på eigenhand, svara Peder.
Ellers var politikarungdommen i det store og heile einige. Lærarane må styrkast med etter- og vidareutdanning, skulehelsetenesten må få betre rammevilkår, det må gå fleire bussar i krinsane og ungdomskortet skal framleis vera billig og helst utvidast til å gjelda til ein blir 25 år.