Patricia vann eldsjel-pris på AMFI Os
– Ho har vore nemt som kandidat kvart år eg har vore senterleiar.
I går blei årets Amfelia- og Oskarpris delt ut på AMFI Os.
«Kjenner du til noen som fortjener en hyllest? AMFI Pyramiden heier på lokale lag, foreninger og ildsjeler som skaper gode opplevelser for barn og unge» står det i utlysingsteksten.
Gjennom våren har senteret mottatt forslag til kandidatar, og dei siste vekene har folkt stemt på sine favorittar blant fire nominerte:
- 7 Fjell CrossFit Kids
- Jadakameratene
- Danselærar Patricia Langeland
- Os Basketball Klubb
– Det er fire flotte kandidatar! Engasjementet har vore veldig stort, folk har stemt digitalt, i postkasse på senteret og med stemmeseddel levert på senterkontoret, fortel Siri Ann Myhren Dalseide.
– I alt har det kome inn ein plass mellom 500 og 1000 stemmer.
Alle dei nominerte var inviterte til senteret onsdag ettermiddag.
Der blei det kjent at Patricia Langeland får årets pris.
– Eg blei veldig overraska og glad, og litt flau. Det var jo så fine og gode kandidatar blant dei nominerte, eg hadde unna også dei andre denne prisen, seier Patricia.
Av kjærleik til ungdomane
Ho har vore danselærar i Os i 29 år, og er framleis tilsett i Bjørnafjorden kulturskule, ein jobb som gjerne krever ein innsats utover arbeidstid.
– Alle som jobbar innan kultur eller engasjerer seg som frivillig for ungar, veit at dette er ein livsstil, ikkje ein jobb. Av kjærleik til dei du engasjerer deg for, prøver du å gjera ditt beste, så alle skal få ei god oppleving.
– Dei fleste ungane blir ikkje aktive utøvarar som vaksne, eller får idretten eller instrumentet sitt som yrke. Det viktigaste er at fellesskapen vi har i øving og trening blir verdifull og fin, ungdomsåra er kanskje dei viktigaste åra eit menneske har, og vi vaksne må hjelpa til for at desse åra skal bli gode.
Ein gjengangar
Ho seier ho blei rørt, og noko sett ut, av den fine prisen.
– Heldigvis tok dei skjønne damene på senteret godt vare på meg. Vi fekk ein fin prat på senterkontoret etterpå.
Siri Ann synest det var kjekt at Patricia fekk mange stemmer i år.
– Ho har vore nemnt som kandidat alle desse åra eg har vore senterleiar, truleg fleire år før det også, for det eg veit.
Senterleiaren takkar samtidig for engasjementet, og til leigetakarane, som går inn for å delta i denne prisutdelinga, som går frå det lokale budsjettet kvart år.
Synleg eldsjel
Patricia, kollegaene og fleire av dansarane var nyleg aktuelle og godt synlege under Dansens Dager.
Sjølv er ho også ei eldsjel bak Bjørnafjorden kulturfestival, som vi no er midt inne i, og som inkluderer parade, dans og musikk i ettermiddag og kveld, sankthansaftan, og to danseshow førstkomande laurdag.