Denne leksa fekk læraren til å ta til tårene
– Det var så godt å sjå dei igjen. Eg er stolt, seier danselærar Patricia Langeland.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Torsdag 12. mars blei det annonsert stengde skular over heile landet. Samtidig blei det slutt for organisert fellesaktivitet og trening.
– Det skjedde brått, og det blei etterkvart klart at det kom til å vara. I videomøte mellom lærarar og leiing i Bjørnafjorden kulturskule blei vi oppmoda å prøva å halda kontakten, å vera kreative og å prøva å nå ut til elevane, fortel danselærar Patricia Langeland.
Ho og kollegaen Julia Erstad Bergesen har 180 elevar.
– Vi sendte ut ei lekse om å senda video av seg sjølv dansa etter ein melodi. Elevane har brukt nokre trinn dei har øvd på før, men sto fritt til å legga inn eigne, og til å laga koreografi.
Danselærarane fekk inn over 60 videoar.
– Eg er heldig som har ein mann som er flink med foto og film. No har han sett sammen leksene i éin snutt, og eg har sett den mange gongar.
Patricia har fått lov av elevane å dela dansegleda med Midtsiden sine lesarar:
– Eg gret då eg såg gjennom dei første gong. Eg blei så rørt og stolt, og så saknar eg dei så mykje. Å undervisa i dans er ikkje jobb for meg, det er noko eg berre er glad for å gjera.
– Å ikkje kunna møta, prata og klemma desse greie elevane våre, er eit stort sakn - derfor var det så kjekt å få desse videoane!
– Og så synest eg at dei både er veldig flinke, og at dei ikkje tar seg sjølv så høgtideleg. Nokre har vore ute i naturen, andre har stått på sitt eige soverom. Det er fint å sjå at dansen held fram, også mens vi er i kvar vår heim.
– Korleis blir undervisinga vidare?
– Eg og Julia har fått lov å bruka dansesalen no, så vil vil spela inn fleire videoar og senda ut til elevane.