Politikk | 28. nov. 2021
Partiet De Kristne etablerte lokallag i går
Dei viktigaste sakene for Bjørnafjorden PDK.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 28. nov. 2021 09:06
Pressemelding:
Partiet De Kristne (PDK) har laurdag 27. november etablert lokallag i Bjørnafjorden kommune.
Stiftingsmøtet valde følgjande styre:
Magne Djuvik, leiar
Rune Samnøy, styremedlem
Sylvia Lyssand Selmi styremedlem
Stein Undheim, varamedlem
Det nye styret si hovedoppgåve er å førebu kommunestyrevalget i 2023.
PDK byggjer sin politikk på dei kristne verdiane som samfunnet vårt har bygd på i generasjoner.
I Bjørnafjorden kommune vil PDK arbeida for:
- Nei til eigedomsskatt
- Behalda dagens struktur innan barnehage og skule
- Snarast starta planlegging av fleire omsorgsplassar for sjuke og eldre.
- Seia opp byvekstavtalen, ein avtale som vil føra til meir sentralisering av kommunen vår. PDK vil ta heile kommunen i bruk.
Ønskjer du å vera med på laget og påverka utviklinga i denne flotte kommunen vår, ja då er du velkommen på laget!
Magne Djuvik
leiar