Val 2021 | 21. apr. 2021

To frå Bjørnafjorden på De Kristne si fylkesliste

Vil ta Noreg ut av EØS og kjempa for folkevekst.

To frå Bjørnafjorden på De Kristne si fylkesliste
Magne Djuvik er uavhengig kommunestyrerepresentant etter Frp-exit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. apr. 2021 18:37

Pressemelding/lesarinnlegg:

Stortingslista til PDK Hordaland er klar.

Partiet De Kristne (PDK) Vestland er no ferdig med alle sine årsmøter og nominasjonsmøter.

PDK Vestland har til saman 11 lokallag, med 3 i Sogn og Fjordane og 8 i Hordaland, der det i tillegg er eit under etablering. Lokallaga i Hordaland er Bømlo, Stord, Kvinnherad, Ullensvang, Austevoll, Bergen, Alvær, Øygarden og lokallag i Bjørnafjorden kjem.

Hordaland hadde sitt nominasjonsmøte etter fylkesårsmøtet for PDK Vestland som vart avholdt den 12. mars på Zoom. Stortingslista vart einstemmig vedtatt slik valnemda si innstilling var.

Tomas Moltu har lang fartstid og god erfaring i politikken. Han har vore medlem av Bergen bystyre og byråd for skule og barnehage i Bergen, da for KrF. I 2016 meldte han seg inn i PDK, og er no 1. nestleder i partiet.

Lars-Kåre Katla blei invalgt i Bømlo kommunestyre i 2011. Har etter det blitt gjenvalgt og er no inne i tredje periode. Var også medlem av Formannskapet frå 2015 – 2019.

Marita Moltu er også ein dreven politiker. Marita satt som varaordfører i Bergen i ein periode. Ho var då i KrF, og meldte overgang til PDK i 2018. Marita har også vært kommunalråd i Bergen og nestleder for oppvekstkomiteen for bystyret i Bergen. Marita er styremedlem i PDK Vestland.

Stortingslista 2021 er som følgjer:

I. Tomas Moltu, Bergen

2. Lars Kåre Katla, Bømlo

3. Marita Moltu, Bergen

4. Magne Djuvik, Bjørnafjorden

5. Heidi Grindheim Nimoson, Bømlo

6. Petter Eltvik, Bergen

7. Bjarnhild Lygre Sjo, Kvinnherad

8. Mads-Frederik Valencia Osen, Bergen

9. Roger Dyrøy, Øygarden

10. Elisabeth Leirgul, Bergen

11. Peter Obiora Nwafor, Bergen

12. Lisbeth Haugse Røssland, Kvinnherad

13. Ole Henry Hallaraker, Øygarden

14. Bjørn Humblen, Alver

15. Ann-May Aase Eltvik, Bergen

16. Steinar Simonsen, Bømlo

17. Otto Gams Steine, Bergen

18. Helge Hove, Bergen

19. Stein Undheim, Bjørnafjorden

20. Audun Jåvold, Vaksdal

21. Marianne Wiberg, Bergen

22. Kurt Netskar, Bergen

Her er nokre av sakene som er viktige for Partiet de Kristne:

  • PDK vil styrke matvareberedskapen i Norge og sjølvforsyningsgraden.
  • Styrking av nasjonal sjølråderett og utmelding av EØS-avtalen.
  • Forsvar og lokalt politi må styrkes.
  • Pensjonistane skal få lønnsauke ved å ta vekk underreguleringa av pensjonen og ta vekk ektefellefrådraget. Kjøpekrafta til pensjonistane skal styrkast.
  • Den biologiske kjernefamilien ser PDK på som den beste byggesteinen i det norske samfunn. Den byggjer framtidige generasjonar.
  • Ekteskapet mellom mann og kvinne og det å verne livet frå unnfangelse til naturleg død, er to av tre hovedsaker. Fødselsraten i Norge er under 1,5 barn pr. kvinne. Denne må opp til over 2 barn pr. kvinne for å holde oppe folketalet.
  • PDK er imot den nye reforma for VGS der regjeringa vil fokusere mindre på undervisning om vår kulturarv og meir på ei oppkonstruert framtid. Ungdomen treng å lære om sine røter.
  • PDK vil også ta vare på den judeo kristne arven som Norges lover er bygde opp på. Det har gitt oss eit godt lovverk som opprettheld lov og orden i eit demokratisk samfunn. Av den grunn anerkjenner vi også den demokratiske staten Israel med Jerusalem som hovudstad, som jødane sitt heimland. PDK vil at Norge skal flytte sin ambassade til Jerusalem.
  • Lars-Kåre Katla
    Fylkesleiar, PDK Vestland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.