På plass ved gangfelta
Ved midnatt stengte E39 retning nord, måndag morgon var to trafikkbetjentar på plass i Mobergsbakken.
Hovudentreprenør Veidekke har halde det vegvesenet har kome med lovnad om.
Presis ved midnatt starta stenginga av E39 retning nord og skilting med omkøyring om Os sentrum for dei som skal vidare mot Bergen, i løpet av helga kom fartsdump på plass nedanfor fortgjengarfeltet ved Midtskogvegen.
Les òg: Er skulevegen trygg når E39 skal nedom Os sentrum?
Måndag morgon var to trafikkbetjentar på plass i Mobergsbakken.
– Det har vore ganske få fotgjengarar her nede, det var nok fleire oppe i svingen, seier Amund Tveit frå Aarekol Trafikktjenester.
Han er ein av dei to som tok første vakt. Det blir dirigering éin time om morgonen og tre på ettermiddagen i samband med skulestart og skuleslutt dei knappe to månadane fram til sommarferien.
E39 retning nord skal som kjent vara i fire månadar.
Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal