Lokal | 07. jan. 2013

På plass på Moberg

I dag flytta brannvesenet frå gamlestasjonen i Os sentrum til det nye beredskapsbygget på Moberg. - No er vi operative frå nyestasjonen, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

På plass på Moberg
Brannsjef Stein Gjøsund er nøgd med å få bilane under same tak, og med ei så stor takhøgde at det går ann å koma opp på bilane også innandørs (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 07. jan. 2013 15:31

Onsdag 12.12. overtok Os kommune det nye beredskapsbygget på Moberg med brask og bram. Allereie 18. desember flytta legevakten inn, mens brannvesenet venta til nyåret før dei flytta utstyr og mannskaper opp på Moberg.

- Vi ville testa utstyr og tekniske løysningar før vi flytta utstyret inn.

- Alle testane har vore som forventa, så vi har ikkje fått nokre store overraskingar og flytta i dag alt utstyret opp her, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Litt står att

Sjølv om no også brann- og redningsvesenet har tatt huset fullt i bruk er det framleis nokre ting som står att.

- Elektrikarar og røyrleggarar har framleis litt arbeid att å gjera før alt er på plass.

- Luftpåfyllinga skal vera oppe og gå på onsdag, forklarar brannsjefen medan han viser rundt i dei nye lokala.

Koblar seg av sjølv

I garasjen står dei tre store bilane til brannvesenet på rekkje og rad.

- I tillegg skal to av dei mindre bilane inn her.

- Når alarmen går kan vi berre trykke på ein knapp, så opnar alle portane seg og eksosavsuget startar.

Kvar av bilane står med ein slange på eksosanlegget slik at garasjen ikkje blir fylt med eksos når dei startar opp.

- Når bilane køyrer ut portane slepp desse slangane bilane automatisk, slik at sjåførane ikkje treng å kobla dei frå manuelt, fortel brannsjefen.

Samband på høgtalar

Ei av dei andre nyvinningane er at systemet dei nyttar for å varsla utrykning er kobla mot høgtalarar i heile brannstasjondelen av bygget.

- Det gjer at mannskap som kjem til og rykkjer ut i andre bølgen kan få med seg den siste infomasjonen som kjem på sambandet medan dei gjer seg klare.

Det same systemet nyttast når alarmen går, slik at mannskapa ikkje lenger treng halda personsøkaren opp til øyret for å få med seg kva som er på gang.

Ope hus i februar

Brannsjefen gler seg til å visa fram det nye beredskapshuset for innbyggerane i Os.

- Vi hadde eigentleg tenkt å ha open dag om cirka fjorten dagar, men har kome fram til at vi vil få alt på plass først.

- I løpet av første halvleik av februar reknar eg med at vi kan invitera Os sine innbyggarar til ei omvisning, avsluttar brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.