– Dette har vi gledd oss til!
Klokka 16 i dag opnar legevakta i dei nye lokala på Moberg. - Dette er berre gøy, seier Siri Linn Schmidt Fotland i kaoset to timar før opninga.
Framleis står det kassar og esker over alt. Midt i det kontrollerte kaoset står administrativ leiar Siri Linn Schmidt Fotland og kommuneoverlege for legevakta Sveinung Gangstø og smilar.
- Dette har vi gledd oss kjempemykje til!
- Kjem de i mål til klokka 16?
- Jada, vi er i rute, no gjenstår det berre å jobba på spreng dei to timene fram til klokka fire så kan pasientane koma, seier Schmidt Fotland.
Vore med på prosessen
Spesielt kjekt tykkjer ho det har vore å få følgje heile prosessen så tett som dei har gjort.
- Eg trur alle sjukepleiarane har vore oppom her undervegs og fått sett lokala ta form.
- Det har vore ein fantastisk prosess å få vera med på.
Ring på førehand
Samstundes oppmodar ho folk om å ringe legevakta før dei kjem på døra.
- Det kan vera at legen er ute i anna oppdrag. Ringer ein på førehand så slepp ein gjerne å sitta på venterommet å venta, forklarar den administrative leiaren.
Sjølv om legevakta har flytta er telefonnummeret det samen. Du når dei på 815 17 020.
Større plass
Den største skilnaden på lokala i det nye beredskapshuset på Moberg og dei gamle lokala i Kolskogen er plassen.
- Her slepp pasientane å gå forbi den som sit og tek imot telefonane. Dermed blir det enklare å ivareta teieplikta.
- I tillegg er det meir plass generelt. Berre det å få eit eige lager er fantastisk, strålar Schmidt Fotland.
Styrka bemanning
Til å betjena legevakta er dei ein lege og ein eller to sjukepleiarar på vakt samstundes.
- To sjukepleiarar er det på dei mest travel tidene.
- Det fekk vi til då Fusa og Austevoll kom inn på telefontenesta vår, då trengde vi å utvida kapasiteten med ein ekstra sjukepleiar, forklarar Sveinung Gangstø.
Trivdes i næringsparken
I ei periode har legevakta halde hus i mellombelse lokalar hjå Os allmennpraksis i næringsparken.
- Det har fungert veldig bra.
- Vi blei utruleg godt motteke. Dei som jobbar der til dagen har vore heilt fantastiske, avsluttar Siri Linn Schmidt Fotland med eit smil.