På patrulje til Knutabruo
– Det kjem vi til å halda fram med gjennom heile sommaren.
Dei siste vekene har det vore mykje festing i gapahukane ved Knutabruo.
Det har så vidt vi kjenner til ikkje vore problem med støy, men turgåarar reagerer ofte, og seinast søndag, på store mengder boss som ligg igjen etter festdeltakarane.
I 20-tida i går var politiet på patrulje til området.
– Vi møtte 10-15 ungdomar på staden. Dei oppførte seg fint og såg ut til å ha det kjekt i det fine vêret, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
– Men det var eit par uromoment i gjengen, og nokre av dei hadde drukke alkohol. Ein mindreårig blei henta av foreldre.
Politiet var innom fleire gongar i løpet av kvelden og natta.
– Det kjem vi til å halda fram med gjennom sommaren, seier Birkeland.