Droppa MC-tur for å fiksa opp ved Knutabruo
Even blei så irritert at han kalte seg sjølv inn på dugnad.
Nei, dette er ikkje ei rocka MC-bølle som skal jaga slurvete turgåarar gjennom Osmarka, men ei eldsjel som i går tok eit tak for fellesskapen.
– Eg blei irritert då eg torsdag kveld las om hærverket og griseriet ved gapahukane, og bestemte meg for å hjelpa til, sidan eg har tilgang på sveiseutstyr, seier Even Hjertaas.
Han hadde planar om å gli litt med motorsykkelen fredag ettermiddag, men droppa turen og gjekk i staden ein halvtime tidlegare på jobb for å få betre tid til dugnad om ettermiddagen.
– Før Knutabruo blei bygd var eg med på litt dugnad i samband med trefelling i området. No fann eg ut at det var på tide å hjelpa til litt igjen, eg forstår godt at pensjonistane som har lagt ned så mange timar for turgåarar bli leie av griseri og hærverk på staden.
«Brukameratane» var tilbake i skogen på rydding fredag. Sjølv var Even innom og henta den øydelagte bålpanna.
– Dette er heilt fantastisk! synest Peder Fløysand, ein av pensjonistane i Brukameratane.
– Det betyr mykje for oss som har stelt med området over tid, at yngre krefter melder seg på. No har vi vore innom og rydda litt, og vi skal ha fleire økter i neste veke, så det blir fint til påske.
Møtte velvilje
– Då Jernia høyrde kva oppdrag eg var i, fekk eg svært god pris på kjettingen. Det var heller ikkje problem for sjefen min på Unik Filtersystem at eg sveiste denne i hop på verkstaden eg jobbar på.
No er området rydda og bålpanna fiksa.
– Det er eit nydeleg område som eg har inntrykk av at mange set pris på. Eg håper alle blir flinkare til å rydda etter seg, og å unngå å herja med utstyr og utemøblar.
– Det gjer heller ingenting om du ryddar etter andre, om det ligg noko søl igjen. Vi kan ikkje venta at Brukameratane skal ta alt, eller at dei skal orka å sjå til plassen om dette gjentar seg så ofte.
Hærverk og forsøpling kan du kanskje aldri beskytta det 100 prosent mot.
– Kva om Even sitt initiativ er starten på ei junioravdeling av Brukameratane?
– Ha, ha! Ja det hadde vore noko! Det var i alle fall veldig kjekt å få så god hjelp, seier Fløysand.