Oversikt: Symptom, testing, karantene og vaksine
Er du i tvil?
I førre veke hadde vi ny smitterekord i Bjørnafjorden kommune.
Totalen for veke 49 var på heile 121 nye smittetilfelle (PCR-testar ved teststasjonen).
Dette er nesten dobbelt så mange som veka før, 61 i veke 48, og 41 fleire enn førre rekord, 80 i veke 47.
Minst 60 prosent er smitta av nærkontaktar heime eller på skulen.
Er du uvaksinert? Har du symptom? Bør du testa deg? Her er ei oversikt.
Symptom på luftvegsinfeksjon er:
- feber
- hoste
- tung pust
- sår hals
- hovudpine
- tap av lukt- og smakssans
- muskelverk
- redusert allmenntilstand
Må du eller ungane dine ta test med éin gong du har symptom?
Les råd for vaksne, ungar i barnehage- eller barneskulealder og ungdom på kommunen si side.
Kor tid bør du bestilla PCR-test?
Bestill vanleg test på teststasjonen dersom du:
- har testa positivt på hurtigtest.
- ønskjer PCR-test, i staden for hurtigtest.
- har vedvarande symptom, trass i negativ hurtigtest.
- skal teste deg ut av innreisekarantene etter tre døgn.
Du kan bestilla time på nett eller per telefon 475 08 412.
Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8 har ope måndag til fredag klokka 8-15 og laurdag klokka 9 til 17.
Teststasjonen i Eikelandsfjorden samfunnshus, Brakabygda 41, har ope måndag og onsdag frå klokka 15 til 16 og fredag frå klokka 14.30 til 15.30.
Karantene
Om du testar positivt er det no påbod om 10 dagars smittekarantene for alle husstandsmedlemmar.
Dette gjeld no også for dei under 18 år, og for vaksinerte.
Det gjeld alle smittetilfelle, ikkje berre ved mistanke om omikronvarianten av koronaviruset.
Det er mogleg å testa seg ut av karantenen med ein hurtigtest på dag 7.
Vaksinasjon
Det er massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag framover.
Alle personar over 18 år kan få tredje dose koronavaksine ("boosterdose"), mimimum 5 månader etter andre dose.
Du som vil ta første eller andre dose koronavaksine, kan òg bestille time til massevaksinasjon.
Status per 13. desember:
• 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
• Ca. 84 % av personar over 65 år har fått 3. dose.
• Kommunen har hatt fleire rundar med massevaksinering av 65+ og helsepersonell, og tilbyr det også 15.12. Då tilbyr dei òg koronavaksine til uvaksinerte/delvaksinerte.
Om lag 20 % av befolkninga har fått 3. dose, så langt.
Her kan du bestilla time til (gratis) koronavaksine (Pfizer)
Influensavaksine
Ein del har vore sjuke i fleire veker grunna forkjøling denne hausten. I desember er det venta at sesonginfluensaen kjem.
Fastlegane og apotek har vaksinert mot denne i fleire veker.
Torsdag 16. desember er det gratis influensavaksinasjon både for målgruppa og alle andre som ønskjer.
Du kan lesa meir om influensavaksinasjon her