Oske starta brann
Brannvesenet åtvarar mot å kaste oske i bosset. - Bruk metallspann med lokk når du gjer rein omnen, tipsar varabrannsjef Arne Monsen.
Klokka 20.33 sundag kveld fekk varabrannsjef Arne Monsen melding om røykutvikling ved hytteboss-konteinarane ved Lekvenvatnet.
- Truleg var det nokon som hadde gjort rein omnen for oske og kasta den i bosset.
- Det blei ikkje den store brannen og gjekk fort å sløkka, men det er kanskje greitt å minna folk på å vera forsiktige, seier Monsen.
Kan ligga i mange timer
Monsen tilrår folk å nytta seg av ein metallspann med lokk når ein gjer rein omnen.
- Ei god glo kan ligga beskytta i oska i mange timer.
- Når ein då set oska ut og den får tilført næring i form av trekk kan den fort ta fyr igjen, forklarar varabrannsjefen.
Oska bør difor få stå i metallspann godt frå husveggen og på ildfast underlag i lengre tid før det blir gjort noko meir med den.
- Vis omsyn når du gjer rein omnen, oppmodar varabrannsjef Arne Monsen.