Røyk og rus
Politiet: Røyk frå boss-konteinarar på Lekven. Rusa dame sovna ved rådhuset.
Sundag fekk politiet melding om noko som truleg var røyk frå nokre boss-sekkar plassert ved hytteboss-konteinarane ved Lekvenvatnet.
- Vi var ikkje ute der sjølv, men varsla brannvesenet som tok ein tur bortom, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Brannvakta stadfester at varabrannsjef Arne Monsen tok turen bortom og tok hånd om situasjonen.
Rusa kvinne sovna
Omlag klokka eitt natt til måndag fekk politiet melding om ei kvinne som hadde sovna på fortauet mellom Os Taxi og Rådhuset.
- Dei som oppdaga ho hadde problem med å få kontakt med kvinna.
- Ambulansen blei tilkalt og fekk etterkvart køyrd kvinna for innlegging ved rusakutten, avsluttar Fimreite.