Sport | 28. apr. 2013

Os testa ny spelar

Os 2 og Lysekloster 2 spelte uavgjort i dag, Os 2 med ny spelar frå Nest-Sotra.

Os testa ny spelar
Hadi Amiri kom frå Nest-Sotra til Os i vinter. I dag hadde han ein fin debut for Os 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 28. apr. 2013 22:17

Laurdag tok Os og Lysekloster eitt poeng kvar, søndag gjorde andrelaga det same.

Lysekloster 2 spelte 3-3 borte mot Trott i 5. divisjon og ligg no på 2. plass på tabellen.

Os 2 spelte 1-1 heime mot Trio i 4. divisjon og ligg på 8. plass etter 3 rundar.

Sander Kvittingen skåra Os 2 sitt einaste mål etter flott pasning av Espen Borgen berre to minutt ut i kampen. Trio utlikna halvvegs i første omgang.

– I dag spelte vi fin fotball, trilla ballen ut bakfrå, gjorde gode val med full innsats av heile det unge laget, seier Ørjan Håland.

God forsvarsrekke med ny spelar

Os 2 stilte med 9 juniorar, 5-6 av dei er førsteårs junior.

Keeper Frode Øvredal, som hadde nokre strålande redningar i dag, og forsvarsrekka med Tor Erik Kjosås Berge, Håvard Grøteide, John Ole Johannessen og nyervervinga Hadi Amiri, får mest skryt etter dagens kamp.

Amiri kom til Os frå Nest-Sotra no i vår. Han spelte ikkje i fjor, men byrjar tydelegvis å koma i form.

– Det var kjekt å sjå Hadi i aksjon, og eg trur ikkje det er lenge til han bankar på A-laget si dør, seier Terje Kvittingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.