Sport | 27. apr. 2013

Poengdeling i 3. divisjon

Både Os og Lysekloster spelte uavgjort på bortebane laurdag.

Poengdeling i 3. divisjon
Kim Kleivedalen sette inn 2-1 på straffe for Lysekloster i dag, Stian Lunde var nær på å gje Os 1-0-leiing. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. apr. 2013 22:01

I dag spelte begge dei to 3. divisjonslaga i Os bortekamp. Begge reiste heim med berre eitt poeng.

– Det var heilt greit med poengdeling i dag. Men ferjeturen heim blei litt kjip, for vi leia 2-1 til eit feildømt frispark frå 17 meter blei skote i målet vårt 1,5 minutt på overtid, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

Også Os-trenaren seier dei var ikkje langt ifrå siger, men at uavgjort var OK.

– Vaulen starta voldsomt aggressivt, men vi heldt strukturen, var kyniske og skapte ein del meir enn Vaulen. Blant anna sto Stian åleine og heada over frå tre meter, i tillegg var Erik Kanestrøm nær skåring, seier Tore Nielsen.

Stord - Lysekloster 2-2 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Lars Henrik Skage og Kim Kleivedalen (straffe)

– Eg er nøgd med at vi speler ein gog bortekamp på gras, mot eit godt lag som Stord. Kjetil Hansen gjorde ein god kamp i mål og juniorspelar Preben Skorpen kom inn etter pause og spelte ein veldig god omgang. Så får det heller vera at vi ikkje fekk alle poenga i dag.

Lysekloster: Kjetil Hansen - Baste Jonassen, Eirik Indredavik, Steffen Finsådal, Sigve Rørstad - Frode Buvik, Johannes Jordal, Martin Røttingen Eidsvik - Joakim Hovden, Lars Henrik Skage og Kim Kleivedalen.

Innbytarar med speletid: Preben Skorpen, Eirik Musland og Mattias Høiland.

Vaulen - Os 0-0

– Vaulen kjempa godt og er nok sterkare heime enn borte. Eg synes vi skapte meir, men poengdeling er greit i ein kamp som denne. Kloven var veldig god dei gongane det var noko for han å gjera, Børge stråler framleis i midtforsvaret, i dag saman med Torkel i Per sitt fråvær.

Os: Anders Kloven - Stian Bakke, Børge Borgen, Torkel Hjertnes, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Tore Valvik - Egil Thuen, Preben Borgen, Erik Kanestrøm - Christer Olsen.

Innbytarar med speletid: Mats Lepsøe og Roar Vestbø.

Berre Øystese har full pott etter tre rundar. Os ligg på plassen bak med 7 poeng, Lysekloster på 5. plass med 4 poeng.

SJÅ TABELL

Lysekloster 2 speler bortekamp mot Trott søndag, Os 2 speler heimekamp mot Trio klokka 14.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.