Sport | 01. juli 2013

Os får svensk elitetrenar

Handball: Jesper Svensson overtar herrelaget til Os.

Os får svensk elitetrenar
Jesper Svensson går frå Bodø i Postenligaen (eliteserien) til Os og 2. divisjon. (Foto: Bjørn Erik Olsen, Avisa Nordland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. juli 2013 15:44

Jesper Svensson går direkte frå elitelaget Bodø, som han har trent dei siste tre åra, til jobben som hovudtrenar for 2. divisjonslaget Os.

– Vi har vore ekstremt heldige som har fått dette til, seier Os-veteran Joachim Nøkleby.

Svensson har tidlegare jobba som trenar både i Italia og Tyskland, og i to periodar på Stord.

– Eg avsluttar i Bodø no og vil ha ein periode heime med familien på Stord. Stord har allereie trenar, så då passa det veldig bra med deltidsjobb på Os, seier Svensson, som i tillegg vil ha ein "siviljobb" på dagtid.

Opprykk og løft for herrehandballen

Os har vore nær comeback i 2. divisjon fleire år, og i vår blei det avgjort, Os rykker opp.

Nøkleby, som saman med Andris Hamre har vore med på å tilsetja ny trenar, seier at meir struktur rundt herrelaget var blant vilkåra for at dei i sesongen som gjekk skulle kjempa om opprykk.

– Vi har vore ei fin blanding av veteranar og talentfulle ungdomar, trent av flinke interne krefter i klubben, men ville ikkje at eit comeback i 2. divisjon skulle vera kortvarig.

– Det blei tidleg bestemt at vi ved opprykk skulle satsa meir på herrehandballen, og no får vi verkeleg meir enn venta.

Han trur elitetrenaren kan skapa positive ringverknadar nedover til aldersbestemt gutehandball i Os Turn.

– Vi har 3-4 talentfulle ungdomar på veg opp på 2. divisjonsnivå, men håper også å få nytte av Svensson sine trenareigenskapar til å forma spelarutviklinga nedover i alder, seier Joachim Nøkleby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.