Sikra opprykket!
Handballherrene rykker opp til 2. divisjon etter 29-20-siger over Norrøna sundag. - Vi har Norrøna og Viking 2 på innbyrdes oppgjer, slår trenar Leif Idar Røen fast.
Etter at handballherrene til Os tok eit kalkulert nedrykk frå 2. divisjon for tre sesonger sidan har planen vore å rykke oppatt når dei yngste spelarane hadde fått nokre sesongar på seg.
- Før denne sesongen følte vi at vi var klare, og målet om å gå for opprykk blei lagt.
- At vi no klarar målet er det viktigaste, slår Ostrenar Leif Idar Røen fast.
Best på innbyrdes oppgjer
Sundag blei opprykket klart etter at Os slo veteranane i Norrøna 29-20 heime i Oshallen. Med det har dei pluss seks mål i dei innbyrdes oppgjera mot Norrøna etter å ha tapt 26-29 før jul.
- Viking 2 som også har 19 poeng har vi på innbyrdes oppgjer med ein siger og ein uavgjort.
- Kjøkkelvik blir nok puljevinnarar med oss på andre plass, forklarar Røen.
Os kan med siger over BSI kommande helg sikra plassen også på poeng og ikkje berre på innbyrdes oppgjer.
Smarte veteranar
Os har dei siste åra slite med veteranane i Bergensklubben Norrøna.
- Dei har hatt eit tak på oss dei siste åra med si enorme rutine.
- Eg frykta den litt før kampen i dag, men når eg såg at dei stilte eit noko redusert mannskap følte eg meg nokså trygg på at vi kunne ta det.
- Likevel må vi slita litt i starten. Norrøna er smarte og lure, men vi er betre trent.
- Når vi klarte å roa litt ned og ikkje vera for hissige på grøten drog vi sigeren greitt i land, forklarar Røen.
Vanskeleg å underhalde
Omlag 120 tilskodarar hadde funne vegen til Oshallen for å følgje Osherrene i kampen om opprykket.
- Vi får berre beklaga at vi ikkje klarar å lage den heilt store underhaldinga.
- Det blir vanskeleg når det eine laget (Norrøna, journ.mrk) trekk tempoet så mykje ned, og vi sjølv held litt for høgt tempo og vil for mykje i periodar, avsluttar Røen som trekk fram Jørgen Wold og Einar Godø som sentrale saman med Torbjørn Hjelle og Joachim Nøkleby i sundagens kamp.