Os 2 berga plassen
Sleit på heimebane mot Bremnes, men fekk hjelp av Djerv.
Os 2 spelte i kveld sesongens nest siste kamp. Siste runde går mot tabelljumbo Solid borte, men allereie i kveld blei det klart at Os 2 held seg i 4. divisjon etter opprykket i fjor.
Trio, som kunne tatt Os 2 igjen, tapte 3-1 for Djerv, og ligg 4 poeng bak Os 2 før 22. og siste serierunde.
Os 2 leia over Bremnes i kveld, men blei pressa hardt og måtte nøya seg med poengdeling etter at gjestane fekk straffe.
Os 2 - Bremnes 1-1 (1-0)
Målskårar, Os 2: Mats Cato Moldskred.
Tropp og kampfakta på fotball.no
Borte vann Os 2 1-3 over Bremnes, i dag fekk dei problem.
Første omgang var grei nok for Os 2. Bremnes pressa, men to gode redningar av Kasper Færøvik heldt heimelaget inne i kampen.
Mats Cato Moldskred, som var småsjuk og fekk eit innhopp med A-laget i førre runde, sprang frå midtbanen til mål og sette inn 1-0.
Han hadde stupheading i stolpe (truleg feilaktig blese offside i tillegg) og chip over keeper i tverrliggar før pause.
Upresis avslutting
I andre omgang hadde Os 2 eitt og anna forsøk tidleg i omgangen, men så hamna dei godt bakpå.
– For det første hadde vi for mykje strekk i laget, for det andre gjorde vi det vanskeleg for oss sjølv då vi hadde ballen, seier John Ole Johannessen, som leia Os 2 i dag.
1-1 kom på straffe etter ei takling ute på sida av 16-meteren. Færøvik satsa til den eine sida, men straffen blei sett nesten midt i mål.
1-1 sto seg kampen ut.
– Dette var ingen god kamp av oss, men vi tok poeng og kan heldigvis samtidig feira at vi held oss i avdelinga, seier Johannessen.
• Les òg: – Ein god arena for juniorane våre