Opprykk, nedrykk og nye kontraktar
Medan Vegard Leikvoll Moberg har lite å kjempa for går Mats Cato Moldskred, Erik Kanestrøm og Bjarte Haugsdal spennande veker imøte.
Medan Åsne Takle Eide er klar for ny NM-finale 3. november og juniorspelarane Simen Lassen og Fredrik Heggland er på B-lista hos Brann, har fire andre osingar lagt bak seg spennande sesongar i andre klubbar.
Vegard Leikvoll Moberg har, med unntak av ein kamp med skade og ein med karantene, spelt 90 minutt i kvar kamp for Åsane denne sesongen.
Åsane starta sesongen bra, med siger i dei seks første, men ligg no på 8. plass med sjanse om å klatra til 6. plass i siste runde.
– Det blei dessverre ein svak haust, seier Vegard, som elles trivst i klubben som han no er halvvegs inne i sin andre 2-årskontrakt med.
Vegard vil førebels ikkje kommentera om han er i dialog med andre klubbar.
– I utgangspunktet blir eg i Åsane ut kontraktsperioden, seier BI-studenten.
Rykker ned og mister kontrakten
Mats Cato Moldskred har eit par kampar igjen av sin andre av tre kontraktsfesta år med IK Brage.
Den tradisjonsrike klubben satsa i forkant av sesongen tungt for å rykka opp igjen frå Superettan til Allsvenskan, men satsinga gav ikkje utslag.
IK Brage har vunne 2, spelt 6 uavgjort og tapt 19 av dei første 27 kampane (link til tabell).
– Når vi no rykker ned til Divisjon Ett (tilsvarande norsk 2. divisjon) ryker også kontrakten min, seier Mats Cato, som har spelt høgrekant og er toppskårar med fem nettkjenningar til no i sesongen.
– Eg skal i dialog med klubben om vidare spel, men førebels er det uvisst kva som skjer neste sesong.
Heller ikkje Moldskred vil kommentera eventuell kontakt med andre klubbar.
Kanestrøm angrar ikkje
– Vi hentar ikkje spelarar som vi ikkje vil bruka med éin gong, sa Nest-Sotra-trenaren David Nielsen då han i sommar fekk tak i Os sin toppskårar.
Erik Kanestrøm fekk speletid i begge dei to første kampane etter overgangen, men kom ikkje innpå verken i 8-2-sigeren over Vindbjart eller i 7-0-sigeren over Arna-Bjørnar.
Etter 7 kampar på benken, etter at opprykket til Adeccoligaen var i boks, fekk osingen spela dei siste 11 minutta mot Arendal.
– Situasjonen endra seg litt for Nest-Sotra etter overgangen min. Spelarar som var ute med skade kom raskt tilbake og då valte Nielsen å satsa på spelarar han kjenner betre enn meg.
– Men eg angrar ikkje på at eg skifta klubb. Eitt nivå opp og David som trenar har gjeve meg mykje, eg er allereie ein betre fotballspelar enn kva eg var i sommar, meiner Erik.
Osingen har kontrakt ut sesongen og må i dialog med ny trenar, etter at Nielsen bestemte seg for å bli hjelpetrenar i Strømsgodset, om vidare spel for Nest-Sotra.
– Kva om du ikkje blir med Nest-Sotra til Adeccoligaen? Er retur til Os aktuelt?
– Eg veit ikkje. Det kan bli aktuelt å returnera til Os, men berre om dei kjem med eit tydeleg mål om å satsa.
Haugsdal tilbake til Tippeligaen?
Tidlegare Os- og Brann-spelar Bjarte Haugsdal og Stabæk rykte i fjor ned til Adeccoligaen.
– Vi har hatt ein veldig god sesong med ein ung stall, seier Bjarte, som i år har vore kaptein for Stabæk.
No ligg dei på 2. plass med håp om opprykk.
– Det ville i så fall vore fantastisk, seier Bjarte, som gler seg til å spela igjen etter at han i Bryne-kampen i starten av september har vore ute med skade.
– Eg steppa inn som midtstoppar i kampen mot Kongsvinger. Det gjorde skaden verre. Men eg er speleklar mot Elverum måndag, seier Bjarte Haugsdal.