Opna outlet i Kristiansand
Osingar blei i dag del av sportsgigant på Sørlandssenteret.
I oktober i fjor opna brørne Tor André og Jan Frode Skeie, saman med kompanjong Odd Arne Larsen, Sport Outlet i Åsane.
Seinare opna dei tre medeigarane i MX Sport Bergen Holding AS, Sport Outlet i Fyllingsdalen og på Sotra, i dag opna dei Sport Outlet også i Sørlandssenteret.
– Dette blir ein smeltedigel av sportsutstyr. XXL ligg her frå før, Stormeberg mellom oss og XXL, samtidig med oss i dag, og snart kjem også G-MAX, fortel Jan Frode Skeie.
Sørlandssenteret ligg 12 kilometer utanfor Kristiansand og har rundt 130 butikkar.
– Vi har sett det før, då XXL opna ved sidan av MX Sport Laguneparken, korleis handelen aukar når konkurrentar ligg nær kvarandre. Med ei slik samling av store sportsvarehus trur eg det lover bra for vårt fjerde outlet, seier han.
– Betre enn venta
Då Skeie-brørne og Larsen opna sitt første outlet fortalte dei at sjølv om dei skulle ha kjente merkevarer til minst 50 prosent rabatt, så ville dei ikkje fylla butikken med restetorg og korger fulle av "ukurante" varer og storleikar.
I bergensområdet har det gått bra, sjølv om den på Sotra måtte stenga grunna ombygging.
– Vi hadde trudd at omsetnaden ville svinga meir med sesong. Men salet har gått betre enn venta og drifta og vareflyten, med dette litt spesielle konseptet, har også fungert veldig fint.
Jan Frode fortel om ei god opning i dag, og om håp om å treffa fleire osingar dei neste dagane.
– Vi veit at det er ein del fotballag frå heimbygda som er på cup her nede. Kjem dei innom senteret kan dei få handla hos osingar, vi er ein god gjeng som har reist ned her no til opninga, seier han.