Osingar startar outlet i Åsane
Brørne Skeie og kompanjong Larsen har lang fartstid med MX Sport. No opnar dei 1100 kvadratmeter med sportsvarer til ekstrem lavpris.
Tor-Andre Skeie spaserte i 1992 rett ut av elevrådet ved Os Gymnas for å driva Os Sport i Amfisenteret saman med storebror Jan Frode og pappa Johan.
Sportseventyret utvikla seg til partnarskap med familien Larsen og oppretting av MX Sport Bergen Holding, som eig MX Sport Os, Laguneparken og Åsane, i tillegg til medeigarskap i det snart eitt år gamle flaggskipet MX Sport Fyllingsdalen.
Dei siste åra har Tor-Andre vore meir eller mindre passiv eigar medan han har vore opptatt med eit patentert produkt i byggebransjen. Men no har han både flytta tilbake til Os etter 14 år i Fana og gjort comeback i sportsbransjen.
– Sport Outlet er eit eige aksjeselskap som eg, Jan Frode og Odd-Arne Larsen eig saman, utan kjedetilknyting, fortel Tor-Andre, ei dryg veke før opning i Gullgruven i Åsane.
Ville kjøpa gamle-IKEA
Outlet, store lagerutsal, er vanleg kost på Austlandet. Ideen om sportoutlet i bergensområde har MX-gutane hatt lenge, dei var også med i bodrunden for å kjøpa bygget IKEA nyleg flytta ut av.
– Der ville vi ha brukt 8000 av 10-12000 kvadratmeter sjølv, til outlet, og vi var med heilt på tampen i bodrunden som enda med at Sundt-familien fekk tilslaget og kjøpte bygget.
Eit annleis outlet
Men så fekk Skeie-brørne og Larsen sikra seg eit 1100 kvadratmeter stort lokale ved MX Sport Åsane i Gullgruven. Etter at IKEA flytta nærmare Gullgruven har trafikken i området auka.
– Her har vi bygd eit annleis outlet. Andre outlet har gjerne siste nytt side om side med tilbodsvarer, vi vil gå for eit meir reindyrka opplegg. Det gjer det enklare for leverandørar også, at ikkje dei tar nye varer både til ordinære butikkar og til lagerutsal.
– Leverandørar har alltid enkelte varer dei har kjøpt inn for mykje av, og modellar som har gått ut, som dei framleis sit med stort lager på. Vi har no laga ein kanal der dei kan få effektiv distribusjon på desse varene.
Vil unngå restesal
– Men det blir berre kjente merkevarer, varer av høg kvalitet, og med eit volum som gjer at vi får ein skikkeleg butikk, ikkje ein haug med korger som folk står og rotar i.
– Derfor har vi minimum halv pris på alle varer, og blir dei ikkje selt raskt så går prisen yttarlegare ned. Det skal vera omlaup og orden.
Tekstil og sko er godt representert, men det kjem også ski, syklar og treningsutstyr i hyllene frå start.
Inspirert av LOL på Os
Skeie legg ikkje skjul på at Sport Outlet vil konkurrera litt med deira eksisterande butikkar.
- Men det blir også eit skilje. I butikkane finn du full breidde, siste nytt og tilsette med mykje fagkompetanse.
– På Sport Outlet blir det kjente merker, men kun fokus på pris.
Også innreiinga ber preg av at det er gjort enkelt.
– Vi fekk skikkeleg sans for innreiinga på motebutikken LOL i Os sentrum, og halvparten av dei nesten 1000 pallene vi har brukt til å bygga innreiing fekk vi gratis, seier Tor-Andre Skeie ni dagar før opning i Åsane.