Nytt løp: Langedalen Opp
Os får nok eit motbakkeløp når STIL inviterer til konkurranse opp "Noregs brattaste fylkesveg".
Frå før har vi Os Turn friidrett sin Mobergsdilten i juni og Nore Neset idrettslag sitt Liafjellet Opp i september, no kjem Søfteland turn og idrettslag med Langedalen Opp, to kilometer på bratt asfalt.
– Det er fleire på Søfteland som har prata om å arrangera løp opp Langedalen og då styret i STIL inviterte meg med i arrangementskomiteen så takka eg ja, seier Andreas Søfteland.
Andreas speler på 6. divisjonslaget til Søfteland og er med i friidrettsgruppa. I tillegg har han litt erfaring frå motbakkeløp, med gode plasseringar i Liafjellet Opp, Mobergsdilten og no sist, 31. plass av 800 deltakarar i Skåla Opp.
– Eg har hatt nokre treningsøkter med intervall i Langedalen, det er ein knallhard bakke, innrømmer Andreas.
Tre ulike løp
Langedalen Opp blir arrangert søndag 16. september, 6 dagar før Liafjellet Opp.
– Det var denne søndagen som var ledig i forhold til andre løp i fylket. Det blir kanskje litt meir luft mellom dei to løpa seinare år, men eg skal sjølv delta i både Langedalen Opp og Liafjellet Opp, så det bør gå bra, meiner Søfteland.
I Langedalen Opp blir det tre ulike løp i to ulike løyper.
– Det tøffaste konkurranseløpet går frå Vindalsvatnet opp på innsida av husa ved E39 til 50 meter innanfor Joker, opp Langedalen og inn forbi husa på toppen.
– I tillegg er det to løp med start ved Joker, eitt med tidtaking og eitt som mosjonstur, gjerne for heile familien.
150 meter opp
• Den lange løypa er 2000 meter lang og har 150 meter høgdeforskjell.
• Den korte løypa er 1400 meter lang og har 110 meter høgdeforskjell.
– Vi ventar fleire lokale løparar og løparar som har deltatt i andre konkurransar i Os før, som Geir Skaten, Klas Færøvik og kanskje Kjetil Styrvoll. Så får vi håpa vi får nokre konkurrentar utanbygds frå, og nokre ungdomar som vil prøva seg opp Søftelands brattaste bakke, seier Andreas Søfteland.