Nysatsing på dame- og jentefotball
Nore Neset idrettslag og Os Fotball går saman for å skapa eit endå betre tilbod for fotballjenter, og for å få damelaget opp frå 4. divisjon.
Os Fotball og Nore Neset idrettslag har i løpet av året knytt endå tettare band. På gutesida handlar det i hovudsak om spelarutvikling, allianse og dialog om rett tidspunkt for overgang.
På jente- og damesida blir det no samarbeidslag på fleire nivå, frå seniorlaget til Os og ned til første år med ungdomsfotball.
– Det er ei stor auke av unge fotballjenter i bygda, ikkje minst etter at det årlege samarbeidsprosjektet for yngre spelarar, Jentefotballdagen, kom. Det blir gjort veldig mykje bra arbeid ute i alle klubbane i kommunen, seier dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Jarle Heltne.
– Vi har også mange flinke ungdomar på jentesida. Dei er framleis færre enn gutane, men med eit samarbeid så er vi med på å sikra at vi har lag i alle alderstrinn opp til senior, at vi har noko som dei yngste kan strekka seg etter.
Nore Neset IL og Os Fotball har også positiv dialog med fleire klubbar, blant anna i Fusa. Dei sørgjer uansett no for at det blir ein stor paraply for unge og vaksne fotballjenter i og rundt Os.
Tilbod til alle - også dei beste
Med nytt samarbeid sikrar klubbane at alle har ein arena, at dei klarer å stilla lag på alle aldersnivå.
– Det viktigaste for mange er lagkjensla, samhald og trivsel, og for fleire av spelarane blir det meste som før. Men dette samarbeidet opnar samtidig mange dører, seier Jan Rune Fjeldstad frå styret i Os Fotball.
– For det første kan vi låna spelarar av kvarandre ved behov, og vi kan hospitera opp dei som er moden for det. Det blir også meir naturleg å av og til kjøra fellesøkter fleire årstrinn saman, på tvers av klubbane. Slike tiltak er både gøy og lærerik for jentene.
– Men vi har også plan om å gje eit tilleggstilbod til dei som anten er ekstra flinke eller ekstra ivrige, dei som har ambisjonar utover det å ha fotball som hobby to dagar i veka. Med eigne toppsamlingar kan vi få skikkelege kvalitetsøkter der dei som har kome lengst, og vil mest, får utvikla seg vidare. Klubbane har allereie dyrka fleire store talent og spelarar til både Toppserien og kretslag, og når eg ser nedover i rekkene så er fleire på veg, seier Fjeldstad.
I blått eller gult
I oktober inngjekk Nore Neset eit tettare samarbeid med Søre Neset som fører til at alle lag frå ungdomsfotball og opp står oppført i Nore Neset IL. Det omfattar Søre Neset sine juniorjenter.
I 2015 kjem dei to klubbane til å stilla med lag på både dame, junior, J16, J14 og J13-nivå.
– På jenter 16 er det mogleg at det blir to lag. Du kan ikkje ha to samarbeidslag i same årstrinn, men sidan J16 består av både 15- og 16-åringar så blir det akseptert av kretsen.
– Det kan bli endå eit damelag. Nokre tidlegare spelarar har vore i meg for å danna eit lag som i utgangspunktet berre skal trena saman som hobby, men dei blir uansett ein del av klubben og kanskje blir det med tida også seriespel på dei.
Dame- og jentelaga til dei to klubbane kjem neste år til å heita Os/Nore Neset eller Nore Neset/Os, ut frå kven av klubbane som har flest spelarar representert på kvart lag.
Det klubbnamnet som kjem først styrer draktfarge, spelarane skal anten spela i Os sine gule og svarte eller i Nore Neset sine blå og kvite drakter.
Fleire lag heilt i toppen
Eit av hovudmåla med samarbeidet er å få damelaget opp frå 4. divisjon. Dei har vore nær på i fleire år, og ekstra nær i år.
I 2015 får dei påfyll frå årets Os J16, eit lag som lagt i toppen av 1. divisjon sidan dei starta med ungdomsfotball.
I 2014 har dei to klubbane sine jentelag prestert bra i sine avdelinger:
Senior: Kom dessverre ikkje i opprykksavdelinga til sommaren, ifølgje nytt system, men blei serievinnar i haust då dei vann 5 av 5 kampar i 4. divisjon med 33-2 i målforskjell.
J16: Låg på 1. plass i 1. divisjon til sommaren, enda på 3. plass av 12 lag i 1. divisjon i haust. Også Nore Neset hadde i år eit lag i J16, samansett av fire årstrinn. Dei spelte i 2. divisjon.
J14: Har berre tapt éin kamp i haust og landa på 3. plass i 2. divisjon.
J13: Vann serien og var suverene i kampen om å bli meister i 2. divisjon.
Denne veka er det nytt møte i samarbeidsgruppa og det blir for tida jobba med å få trenarapparat på plass, ikkje minst til seniorlaget.