Nye teikningar av ny idrettshall
Dobbelthallen på Kuventræ: Her kan du lesa meir om innhald og framdrift.
I slutten av juni starta anleggsarbeidet på tomta ved Oshallen og Osbadet, der Consto (same selskap som bygger nye Luranetunet) bygger ny dobbelthall for Os kommune.
• Les òg: Ryddar plass til byggestart av ny dobbelthall
RETTA: Desse teikningane er dei siste som har vore innom byggesaksavdelinga i Os kommune, men det er i ettertid gjort justeringar. Vi skreiv først at det kan sjå ut som om det ikkje er toalett i same etasje som tribunane, men det er det. Desse endringane har ikkje, og skal ikkje, innom byggesak.
Meir parkering - mindre sprenging
Bygget, som er på rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm), integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet, får parkeringskjellar med 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn dagens parkeringsplass som det no blir bygd på.
I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.
– Målet er at meir eller mindre all sprenging skal vera ferdig før skulestart. Det har vore litt ungar og folk på Kuventræ også i sommar, men alt skal ha gått fint på anleggsområdet, seier Tor Inge Døsen frå Os kommune.
Ny inngang i august
Denne veka blei arbeidet med å laga midlertidig inngangsparti til Oshallen og Osbadet, på same side som nytt inngangsparti kjem, mot Furulunden i søraust, der det i dag er ladepunkt for elbil og inngang til solarium.
– Dagens inngangsparti til Osbadet og Oshallen blir stengt inne av byggearbeid i løpet av august.
– Eg har ikkje mottatt detaljert framdriftsplan, men reknar med at dei har tett hus rundt årsskiftet og held fram med arbeid inne etter nyttår.
Den nye dobbelthallen skal stå klar til sommaren 2018.
Innhald
I samband med planlegginga av hallen kom det ønskje om både klatrevegg, som var høgare enn det 15 meter høge (frå kjellar til tak) bygget, og turnkasse. Os kommune tok seg ikkje råd til dette.
Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er:
1. etasje
• Stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)
2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)
RETTA: Desse teikningane er dei siste som har vore innom byggesaksavdelinga i Os kommune, men det er i ettertid gjort justeringar. Vi skreiv først at det kan sjå ut som om det ikkje er toalett i same etasje som tribunane, men det er det. Desse endringane har ikkje, og skal ikkje, innom byggesak.