Næringsliv | 11. jan. 2014

Nye eigarar på Engeline

Gourmet, tapas og heimelaga brød: Engeline Kafé – Mat og Vinhus får tre nye eigarar.

Nye eigarar på Engeline
Frå venstre: Kim Andre Lunde, Reidun Vasby, Borghild Strønen og Frank Vasby Bruarøy. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. jan. 2014 10:06

Engeline Kafé, som opna i Os sentrum i mai 2011, får nye folk inn på eigarsida.

– Det var tilfeldig at vi byrja å prata om det, men det blei fort alvor. No sit vi og jobbar med ny eigarstruktur, seier Borghild Strønen.

Engeline har opplevd god vekst den siste tida. Januar til oktober 2013 blei 600.000 kroner betre i omsetnad enn same periode før. Også i desember var det god vekst, trass i at denne månaden konkurrerer med desember 2012, då Frank Vasby Bruarøy og Lukasz Brekke kokte for fullt på kveldstid i kafeen.

Borghild starta kafeen saman med søstera Dagrun Fjellbakk. No kjem Kim André Lunde, Frank Vasby Bruarøy og Reidun Vasby inn på eigarsida, medan Borghild skal halda på ein eigarpost i selskapet, Engeline AS.

Comeback for Frank

For Frank sin del var det på Engeline kokekarriera starta. Etter å ha blitt kåra til årets Salma-chef sommaren 2012 var han med på eit prøveprosjekt med gourmetrestaurant på kveldstid på Engeline.

– Det var vellukka og det gav bokstavleg talt meirsmak, seier Borghild, som mista kokkane til Ole B-stuene og i 2013 kjørte vidare med nye kokkar.

– Men det har vore vanskeleg å skaffa kokkar, så då eg og Frank tilfeldigvis fekk ein prat saman før jul viste det seg at vi framleis tenkjer likt.

Frank fortel at tida på Ole B har vore lærerik og intens, men at det ikkje blei heilt som først tenkt med eigarskap på Buena.

– Eg har hatt ei veldig fin tid på Ole B, og kanskje blir det ei form for samarbeid med Frode Søviknes i framtida. Men no blir det fokus på å gjera det eg liker best, laga god mat til individuelle gjestar og små selskap, samstundes som eg engasjerer meg som eigar.

Torsk og tapas

Med seg på lasset fekk Frank tidlegare kjøkkensjef på Ole B, Kim André Lunde. Lunde gjekk læretida si på Lucullus på Hotel Neptun i Bergen, der han også seinare har jobba.

– Eg trivst godt i Os og no har eg våga meg heilt inn i Os sentrum, smiler Kim.

– Det første eg la merke til var den fine og avslappande atmosfæren hos Engeline. Og eg gler meg til vi skal ta den flotte uteplassen ved Oselvo i bruk.

Lunde synest det er litt tidlge å gje detaljar om framtidsplanane til Engeline, men kan røpa at det framleis blir kafé på dagtid og ope på kveldstid i helgene, ofte med nye gourmet-menyar.

– Vi kjem til å satsa på gode råvarer og delikate menyar. På dagtid kan vi blant anna by på gode supper og heimelaga brødvarer, på kveldstid skal vi blant anna servera tapas og sjømat, og fisk og kjøtt i eigne menyar på gourmet-kveldar.

Frå Cha-Zet til omelett

I tillegg til kokken Kim og hobbykokken Frank kjem Reidun Vasby inn på eigarsida.

Reidun, som i rundt 15 år dreiv treningssenteret Cha-Zet Aktivitetssenter i Kolskogen, er framleis i treningsbransjen.

– Men då Frank byrja å koka her på Engeline i 2012, og seinare på Ole B, engasjerte eg meg ved å hjelpa litt til, blant anna med servering, i travle tider.

– Eg jobbar no på Sissels i Fyllingsdalen og på Sprek og Blid Os, men har noko ledig tid og vil bli med på dette prosjektet, seier Reidun, som blir ny dagleg leiar på Engeline.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.