Ny personleg rekord
OL-formen til Sverre Lunde Pedersen ser ut til å vera på veg. På 5000-meteren sundag sette han ny personleg rekord med 6:13:32.
Denne helga går skeiseløparane sesongens første worldcupstemne i Calgary. Isen i Canada er kjend som ei av dei raskaste i verda, noko dei to individuelle løpa til Sverre Lunde Pedersen burde vera gode nok eksempel på.
Fredag sette han ny personleg rekord på 1500 meter med tida 1:44:13 og sikra seg OL-billetten.
Sundag gjekk han i par med lagkamerat Håvard Bøkko. Sverre hadde små problem med å sikra seg parsigeren og seig frå Bøkko runde for runde.
Osingen gjekk som ei klokke, med særs jamne rundetider etter å ha opna med 18,72 på dei første 200 meterane. Etter det gjekk Sverre på 29.2, 29.4, 29.6, 29.5, 29.5, 29.5, 29.5, 29.4, 29.4, 29.3, 29.6 og 30.1 på siste runden.
Med det løpet gjekk Lunde Pedersen seg inn til 8. plass på 5000 meteren. Den nederlandske skeisekongen Sven Kramer vann på tida 6:04:46