Sikra seg OL-billett
Sverre Lunde Pedersen gjekk ein god 1500 meter i sesongopninga i Calgary og persa med 1 sekund og 35 hundredelar.
Skeisesesongen starta med World Cup-stemne i olympiahallen i Calgary. Fredag kveld (norsk tid) gjekk 1500 meter for herrer.
Sverre Lunde Pedersen gjekk i par med polske Konrad Niedzwiedzki. Sverre gjekk ein god 1500 meter og gjekk ned si eiga rekord på distansa frå 1:45:48 til 1:44:13 og vann paret.
– Sverre går ein godkjent 1500 meter.
– Han har ikkje prioritert mellomdistanse i sesongoppkøyringa, analyserte NRK sin ekspertkommentator Even Vetten.
– Med det løpet sikra han seg OL-billett til Sotsji.
- Det er gledeleg, oppsummerte Vetten.
Sverre gjekk inn til ein 6. plass og blei beste nordmann. Vann gjorde Koen Verweij frå nederland på 1:42:78.