Ny pers og 5. plass i VM
Hanne Hage Rotnes imponerte i sin internasjonale debut i benkpress. No er ho god for 137,5 kilo - minst!
I helga blei VM i benkpress arrangert i Rødby i Danmark. I klassen -72 kilo stilte Hanne Hagen Rotnes (27) frå Os og Odin Styrkeløftklubb.
Hanne, som i mars var skuffa etter å ha tatt bronse i NM, opna hardt.
– Eg byrja på 132,5 kilo, som var ny personleg rekord.
– I første forsøk på 137,5 kilo skjedde ein teknisk glipp, elles kunne eg nok prøvd meg på 140 kilo i tredje løft, seier Hanne til Midtsiden.
I tredje forsøk fekk ho, i motsetnad til i NM, godkjent 137,5 kilo.
Det resulterte i 5. plass i den internasjonale debuten!
På Youtube kan du sjå opptak frå livesendinga av klassen -72 kilo.
Vinnaren løfta 160 kilo
Deltakarane har berre tre forsøk uansett om dei klarer løftet eller ikkje.
140 kilo ville uansett ikkje vore nok til å ta 4. plassen, for ho som løfta 140 kilo er lettare enn Hanne.
Vinnaren, Kumi Mizoguchi frå Japan, og den russiske kvinna som tok VM-sølv, løfta begge 160 kilo.
Her kan du sjå komplett resultatliste.
Håper på 140+ i EM
Neste meisterskap for Hanne sin del blir EM på Island i august.
– Målet er å klara minst 140 kilo, så får vi sjå om det held til medalje, seier Hagen Rotnes.