Sport | 13. mars 2016

Rotnes tok NM-bronse i benkpress

Hanne Hagen Rotnes fekk nesten godkjent 137,5 kg (!), men måtte nøya seg med tangering av pers, 130 kg og bronse.

Rotnes tok NM-bronse i benkpress
Hanne Hagen Rotnes viste styrke, men er litt skuffa etter at ho tok sin andre NM-bronse. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. mars 2016 11:23

I helga har Hanne Hagen Rotnes (27) deltatt i NM i benkpress. Hanne byrja å konkurrera for berre to år sidan og tok bronse i NM med 117,5 kilo i fjor.

I haust sette ho ny personleg rekord med 130 kilo, i går var ho nær på ny pers.

– Eg er nøgd med framgangen og med å sjå at eg har meir å gå på, men eg er litt skuffa over at ikkje det beste løftet mitt blei godkjent, fortel Hanne.

Nesten godkjent i siste forsøk

Deltakarane har til saman berre tre forsøk på å visa kor mykje dei kan løfta. Den råsterke jenta frå Os løfta først 130 kilo, men då ein av motstandarane løfta 137,5 kg måtte Hanne sjå om ho klarte å følgja etter.

– På første forsøk på 137,5 så sleit eg med teknikken, på det andre og samla sett siste forsøket gjekk det bra. Men dessverre var det berre éin av dei tre dommarane som godkjente løftet.

– Når eg ser video av løftet etterpå skjøner eg ikkje kvifor det ikkje blei godkjent.

Til VM i april

Klubbvenninna (Odin Styrkeløftklubb) Anna Dorthea Espevik frå Tysnes vann og sette ny norsk rekord med 153 kilo, Ruth Kari Krokeide frå Spikkestad tok 2. plassen.

Hanne Hagen Rotnes, som no bur og trener i Oslo, tok sin andre NM-bronse. På nyåret blei ho dessutan tatt ut på benkpresslandslaget og i slutten av april skal ho delta i VM i Danmark. I august står EM for tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.