Ny giv på Catten
Bjarte Andersen fortel om god start på hausten etter re-opning av Catten, og byr på Cult-jentene i kveld og prisvinnar-standup i oktober.
Den siste helga i august opna nattklubben Irish Cat igjen - nyoppussa og med nytt namn; Catten - minst ni liv.
– Det var naturlegvis godt å invitera gjestane på fest igjen, og veldig kjekt med alle dei hyggelege tilbakemeldingane, seier eigar Bjarte Andersen.
– Vi har hatt nokre gode helger etter opninga, og det ser ut som om vi også har fått ein del nytt publikum.
Damene skal dra opp humøret
I kveld, fredag, får Andersen litt ekstra hjelp til å dra opp stemninga.
– Vi får to av Cult-jentene på besøk. Dei representerer energidrikken Cult og deler ut både drikke, vanntatoveringer og andre effektar.
– Det er hyggelege utadvente jenter som kan vera med på å få gjestane til å føla seg ekstra velkomne, seier Bjarte.
Dag Sørås til Os
Komiklubben Råkt Opp og Ned, ved osing og standupkomikar Jon Hægland, kjem også i gang igjen i oktober.
Hægland kjørte første klubkveld i Os i mars 2012 og følgte opp med seks standup-kveldar i fjor og to i vår.
– No er det ei stund sidan sist så vi drar i gang hausten med eit stort namn, seier Jon, som i vår utvida klubben til Stord, og som til vinteren også startar Råkt opp og ned-avdeling på Voss.
Dag Sørås vann bransjens gjevaste pris i fjor, Stå opp-prisen 2012, og kjem til Os for å testa ut nytt materiale.
– I fjor besøkte han Os med showet sitt, i år kjem han som headliner på ein klubbkveld. Dag skal sjølv vera med å finna dei andre komikarane som skal på scenen denne kvelden, seier Hægland.
Klubbkvelden med Dag Sørås blir laurdag 19. oktober.