Ny bilforhandlar i Os
Os Auto AS har allereie selt 15 bilar. No vil dei utvida utstillinga.
Rune Balland og Yngve Bergo, som hausten 2011 overtok som eigarar av verkstaden i Jordmorsvingen, har fått fleire bein å stå på.
– Etter at Bjoarvik slutta å selja personbilar og retta all satsing mot camping og tilhengarar, har det kome fleire folk innom oss i naboverksemda og spurd om ikkje vi har bilar for sal, fortel Yngve.
På seinsommaren tok Os Auto AS, ved Balland og Bergo, opp tråden etter Bjoarvik, og byrja med sal av bruktbilar.
Det var trangt på parkeringsplassen i Jordmorsvingen, med verkstadkundar og utstilte campingbilar og vogner. Men no er det annleis.
Bjoarvik Bil AS har flytta til Hegglandsdalen og Os Auto AS fekk betre plass.
– Ferdig reparert
Med bilutstyrsbutikk i nabolokalet og verkstad med dekk, dekkhotell og bruktbilsal, føler Balland og Bergo at dei no har eit godt senter for bilistar.
– Vi har selt bra med dekk etter at vi byrja med sal og dekkhotell, og vi er veldig nøgd med starten på brukbilsalet. Berre i november selte vi 5 brukbilar.
Os Auto driv ikkje med import, men kjøper inn eller sel på kommisjon for kundar. Prisane går frå under 30.000 til over 300.000.
– Det vi har hovudfokus på når det kjem til bruktbilane er at folk skal veta kva dei kjøper, at dei får ein ferdigreparert bil, ein bil som ville gått gjennom ein EU-kontroll.
– Det kan alltid skje noko med ein bruktbil, men vi gjer vårt beste med å selja gode bilar. Bilar over ein viss sum blir dessutan selt med garanti.
Har plass til fleire
Os Auto sel alle typar bilmerke, men har litt ekstra prioritering på Toyota.
– Det er gode, driftssikre brukbilar. Vi har blant anna selt tre Toyota Prius Hybrid allereie, og har blant anna inne ein Rav 4 som bere har gått 27.000 km, fortel Yngve.
– No har vi inne cirka 10 bilar for sal, men vi har plass til fleire, om det er osingar som vil selja bilen sin.
– Vi har hatt kundar frå blant anna Nesttun og Geilo, men dei fleste kjøparane har til no vore osingar. Vi har også fått mange fine tilbakemeldingar frå folk som er glade for at det no har kome ein bilforhandlar i Os igjen.