Ny Bar(t) på plass i går
Her opnar ny bar – om to dagar!
I midten av mai fortalte Fredrik Schult frå Bjørnefjorden Pizza AS, selskapet som driv Peppes Pizza Os, om planane om å bygga ny bar i nabolokalet på Kaien.
Byggearbeidet går for fullt, men ein god del står igjen før opninga fredag.
– Bardisken kom i går, møblane trur eg kjem i morgon, seier Schult.
– Det ser jo ut som om det er ein del igjen, men golv er på plass og det er nesten ferdig malt, så vi held oss til planen med opning fredag.
Kjører Peppes sitt Bar(t)-konsept
Namnet på den nye baren blir Bart(t), i tråd med Peppes-kjeda sitt konsept som er brukt eit par andre stadar i Noreg.
– Vi bruker namnet, og Peppes sine leverandørar, men står ganske fritt med tanke på utforming og møblering.
Sørveggen blir erstatta med glas
Nytt toalett er under bygging og baren er nesten ferdig.
Innreiing og utstyr er på plass og skal monterast dei neste timane før opning.
– Vi skal også slå ut mesteparten av sørveggen, det blir glas og skyvedør ut mot den store uterestauranten.
Også inn mot gangen og entreen til Peppes blir det glasvegg.
Open to kveldar i veka
Peppes har dei siste åra hatt ein del konsertar, og skal siste helga i juni vera vertsskap for Osfest sitt vorspeil, «Lokale Heltar».
– Det blir også lagt til rette for konsertar i den nye baren, men i staden for å bygga scene vil vi kjøpa inn ein mobil scene.
Planen er å ha ope to kveldar i veka, fredag og laurdag, fram til klokka 2 om natta.
– Laurdag har vi også ope på dagtid. I sommar kjem vi nok også til å ha noko utvida opningstider, litt ut frå vêr og kva anna som skjer i Os.
Selskapet har alle rettar når det kjem til skjenking, og vil prioritera å ha eit stort utval på øl.
– Kva skal lokka osingane og andre gjestar i bygda til å vera på Bar(t) i helgene, dei helgene det ikkje er livemusikk?
– Dette blir ikkje noko diskotek eller nattklubb, det blir lounge/bar, ein litt plass å vera for dei som vil ut å ha det litt sosialt, kanskje ta seg eit par glas med noko godt og lata praten gå utan for mykje støy og fest rundt øyrene, seier Fredrik Schult to dagar før opning.