Bygger ny bar
Lokalet på Kaien har fått nye leigetakarar.
I haust var det slutt for Ata Mat på Kaien i Os sentrum. No blir det jobba med å bygga ny bar i lokalet.
– Alt blir nytt, frå golv og veggar til tak og toalett. Vi river også vekk kjøkkenet og flyttar bardisken bak, så det blir endå større plass til gjestar, seier Fredrik Schult.
Schult er dagleg leiar i Bjørnefjorden Pizza AS, selskapet som driv Peppes Pizza vegg i vegg med Kaien-lokalet, og som er ny leigetakar.
– Vi vil bygga ein bar, der vi også vil ha scene og livemusikk dei helgene vi kjører band.
Opnar opp mot uterestauranten
Veggen mellom lokala blir riven og erstatta av glasvegg med skyvedører.
Det same blir gjort ut mot uterestauranten.
Det er førebels uvisst om baren skal følgja Peppes-konseptet Bar(t), som du blant anna finn i Hemsedal og i Tønsberg.
– Det blir uansett eigne opningstider og eiga innreiing. Men om du sit i baren vil det bli mogleg å få servert mat frå Peppes-kjøkkenet likevel, seier Schult.
Opningsdato er førebels ikkje bestemt, men målet er å opna før sommarferien byrjar.