Ny barnehage opnar i desember
Seks avdelingar, lange opningstider og eigen kokk: Sånn blir Borgafjell Barnehage.
Borgafjell Barnehage, som blei utsett grunna eit rekkefølgjekrav, fekk i januar grønt lys då Fylkesmannen gjekk tilbake på sitt vedtak, der dei i utgangspunktet støtta kommunen sitt krav.
No nærmar det seg byggestart for barnehagen, som har plan om å opna i midten av desember i år.
– Arbeidet med utearealet startar no i sommar, i september kjem bygningen, som skal setjast opp i modular, fortel medeigar Annelie Osterdahl.
6 avdelingar – 140 plassar
Barnehagen skal byggast på eitt plan, med grunnflate på rett over 1000 kvadratmeter.
– Vi får plass til 140 barn frå nyfødd og opp i alder.
Barnehagen får seks avdelingar.
Med eigen kokk
Osterdahl, som frå før er medeigar i Fremtiden Barnehage i Bergen, seier dei i Os vil ha same fokus som i Bergen på god ernæring.
– Vi får eigen kokk blant dei tilsette og ungane kjem utan niste. Vi serverer alle måltid, og varm lunsj, og set av god tid til fellesmåltida.
Dei vil også dra nytte av ei av dei tilsette i Bergen, som har mastergrad i temaet barn og ernæring.
– Vi kjem til å ha ope til 17.30 om ettermiddagen og held ungane med måltid om mellommåltid til dei skal heim.
Mannlege tilsette
Assisterande styrar i Fremtiden Barnehage, Stefan Aihonen, er tilsett som styrar for den komande barnehagen på Hjelle.
– Aihonen er ein dyktig mann, og barnehagen får nok fleire mannlege tilsette.
– Vi er opptatt av å ha begge kjønn blant dei vaksne og har 50 prosent mannlege tilsette i barnehagen vår i Bergen.
Saman med å søkja fleire tilsette vil barnehagen frå no ta imot bestillingar av plass.
– Vi var ikkje del av opptaket i juni, men folk kan søkja om plass direkte hos oss. Vi håper på å ha fylt opp barnehagen i løpet av desember, seier Osterdahl.