Noregsmeisteren!
Sverre Lunde Pedersen knuste Håvard Bøkko på 5000 meter med over seks sekund. Sundag går dei i par på 1000-meteren og truleg på 10.000-meteren.
Denne helga blir NM på enkeltdistanser arrangert i Vikingskipet på Hamar. Sverre Lunde Pedersen viste på siste test-stemne i Inzell at formen er god allereie. Noregsmeisterskapet ville han nytte til å få ei skikkeleg gjennomkøyring før verdscupen startar seinare på hausten.
På 1500-meteren gjekk han i par med Håvard Bøkko og måtte sjå seg slått med vel eitt sekund. Løpet, på 1.47.65, heldt likevel til sølv på distansa.
– Håvard var kvikk i starten. Sjølv fekk eg aldri opp farten og måtte jobbe hardt. Då blei sisterunden tung.
– Tida var grei, men eg var litt skuffa over gjennomføringa, oppsummerte Lunde Pedersen sjølv til bt.no
Tok revansje
På 5000-meteren tok ungguten frå Os revansje og knuste Bøkko med vel 6 sekunder då han gjekk inn på tida 6.28.44. Han kunne med det løpet festa sin første noregsmeistertittel for seniorar i beltet.
– Eg har ikkje tenkt noko særleg på at eg ikkje har noregsmeistertittelen for senior enno. Eg visste det ville koma ein dag.
Lunde Pedersen oppsummerar løpet som tungt. I Inzell gjekk han same distanse fire sekund raskare.
– Isen her er litt mjuk for langdistanse. I tillegg kjenner eg at kroppen og formen ikkje er heilt på topp.
– Eg har meir å gå på. Eg har aldri vore noko racer på denne tida av sesongen, avsluttar ungguten.